Prosjektet Dovre tettstad blir nå detaljprosjektert

I januar i år leverte konsulentene forprosjektet til prosjekt Dovre tettstad og kommunestyret fekk saken til behandling i februar. Politikarane vedtok der at ein skal gå vidare med detaljprosjektering av store deler av området omfatta av forprosjektet. Konsulentane er nå godt i gang med dette arbeidet.

Kart viser sentrale deler av prosjektet

 

Konsulentane Henning Larsen og Rambøll leverte i januar i år forprosjekt til prosjektet Dovre tettstad. Leveransen omfatta teikningar, kostnadsoverslag og forprosjektrapport, der prosessen så langt er summert opp og der medverkingsmøtet som blei gjennomført på Toftemo turiststasjon i november 2023 er utgangspunkt for prosjekteringa. I tillegg leverte konsulenten rapport knytt til handtering av overflatevatn, med forslag til løysinger. Forprosjektet blei lagt fram for kommunestyret i februar i år av prosjektleiar i kommunen Kari Bentdal. Kommunestyret vedtok der at ein skal gå vidare med detaljprosjektering av område som er merka B, D, G og I og at ein i tillegg innhentar pris på detaljprosjektering av områda A, E og F og at styringsgruppa til prosjektet deretter vurderer tilbodet. Styringsgruppa har vurdert at ein inkluderer område A og F til detaljprosjektet. Arealet som nå blir detaljprosjektert omfattar gangvegen frå Jøndalsvegen under E6 og til gangbrua over Dragåe, vidare den tidlegare skulegarden mellom skulen og E6, området nord for samfunnshuset, parken aust for skulebygget mot Kongsvegen, gang- og sykkelvegen langs Kongsvegen forbi Coop, samt plassen framom kyrkja. Konsulentane er no i gang med detaljprosjektering og det blir gjennomført prosjekteringsmøter i april og mai. Konsulenten leverer detaljprosjekt med konkurransegrunnlag før sommaren. Kommunestyret avgjer deretter kva områder som skal byggast. Planen er å inngå kontrakt med utførande i løpet av hausten og deretter byggestart. 

Her finner du teikningar og forprosjektrapport: 

Forprosjekt teikning L01 (PDF, 2 MB)

Forprosjekt teikning L02 (PDF, 2 MB)

Forprosjekt teikning L03 (PDF, 672 kB)

Forprosjektrapport Dovre tettsted januar 2024 (PDF, 19 MB)