Vevstugu på Dombås 40 år- åpning av utstilling på Dombås bibliotek 26. september kl. 18.00

I år er det 40 år sidan Dombås Husmorlag starta vevkurs i kjellaren i den nye barnehagen som Husmorlaget bygde og dreiv på Dombås. I alle desse åra har flittige vevarar kvar veke halde det tradisjonsrike handverket i hevd. Torsdag 26. september åpnar dei for ein presentasjon av vevarbeid i mange ulike teknikkar på biblioteket på Dombås.

Frå 1979 til midt på 80-talet var Marit Teigen vevlærar for mange vevinteresserte frå både Lesja og Dovre. Etter at Dovre kommune overtok barnehagen, leigde Vevstugu rom på Helsehuset fram til dei flytte til den gamle barneskulen på Steinbakken. Frå da av tok vevgruppa namnet Steinbakken Vevstugu og Reidun Blestrud vart mangeårig leiar for vevarane. 

Da Dombås Husmorlag vart nedlagt i 2008, fekk Steinbakken Vevstugu overført utstyr og midlar frå laget, og Vevstugu flytte da til Stubben 3 på Dombås, der dei framleis held hus. 

Kvar torsdag kveld møtest 10-12 damer til veving og hyggeleg samver, og nokre av medlemmene har faktisk vore med frå starten.

 

Jubileet skal feirast med utstilling på biblioteket på Dombås. Torsdag 26. september åpnar dørene for ein presentasjon av vevarbeid i mange ulike teknikkar. Vevarane frå Steinbakken Vevstugu gler seg til å syne kva dei driv med for eit større publikum, og kanskje vekke interessa for veving hos nye vevarar. Eit stort lotteri med vevarbeid i premiar startar åpningskvelden.