
Stortingsmeldinga Natur for livet seier mellom anna at ein skal sikre eit representativt utval av norsk natur for framtida, gjennom å verne naturtypar og økosystem som i dag er mindre godt dekt av vern. Statsforvaltaren i Innlandet fekk oppdraget med å utarbeide tilråding av verneområder med føresegner frå Miljødirektoratet i 2022 og tilråding om utvida vern av Fokstumyra naturreservat er no sendt Miljødirektoratet for vidare behandling. Tilrådinga er sendt med kopi til kommunen, grunneigarar og dei som har kome med innspel i høyring av forslaget. Vidare prosess er som følgjer:
- Miljødirektoratet gjer ei vurdering av tilrådninga fra Statsforvaltaren og utarbeider innstilling til Klima- og miljødepartementet med framlegg til verneforskrift og avgrensning.
- Klima- og miljødepartementet samordnar tilrådninga med andre aktuelle departement og førebur saken for behandling i regjeringa.
- Vernevedtak blir sett av Kongen i statsråd gjennom kongeleg resolusjon.
Forslag om utviding av Fokstumyra naturreservat blei av Statsforvaltaren sendt på høyring våren 2024, med frist for å kome med innspel sett til 20.06.2024. Dovre kommune hadde saken oppe i PNU utvalet den 04.06.2024 og det politiske vedtaket blei sendt som høyringsinnspel. Vedtaket var som følger:
1. Dovre kommune meiner prosessen med utvida vern av Fokstumyra naturreservat så langt har vore god og grundig, der partane i tilstrekkeleg grad har vorte informert og har fått kome til orde.
2. Dovre kommune ser at Statsforvaltaren i Innlandet har gode naturfaglege grunner til å foreslå utviding av verneområdet Fokstumyra naturreservat og at vurderingane som er gjort er basert på grundig kunnskap om artar, økosystem og naturtypar. Ei utviding av naturreservatet vil verne om desse viktige verdiane og bidra til å nå internasjonale mål og forpliktelser, samt bidra positivt i forhold til å motverke klimaendringar og effekten av slike endringar. Dovre kommune er positive til føremålet med vernet og til utviding av verneområdet til Fokstumyra naturreservat.
3. Dovre kommune ønskjer å redusere vernegrensa slik den er foreslått av SFIN. Dette fordi deler av området som er foreslått er aktivt brukt til fiske, inkludert garnfiske. For å ivareta fiskebestanden, er det viktig å legge til rette for fiske i vatnet. Dovre kommune foreslår difor å trekke vernegrensa inn til sørsida av nausta på vestsida av sjøen (sjå vedlagte kart).
4. Dovre kommune har følgande innspel til forslag til verneføresegner:
a) Rådmannen kan ikkje sjå at interesser knytt til sykling langs Sandåsætervegen, som del av sykkelvegen over Dovrefjell, er ivaretatt. Dette må og opne for bruk av el.sykkel. Dovre kommune ønsker at dette blir ivaretatt gjennom unntak frå ferdselsforbod og da under §6, generelle unntak frå ferdselsbestemmelser.
b) Dovre kommune stiller spørsmål ved om det er hensiktsmessig å forby uttak av villmink, som er ein svartelista art, i det framtidige verneområdet og at uttak av villmink berre skal kunne gå føre seg etter søknad. Dovre kommune tenker uttak av villmink bør kunne gå føre seg fast deler av eller heile året, og da av kvalifisert personell, og ber Statsforvaltaren gjere ei ny vurdering av dette.
Kommunen foreslo m.a. justering av vernegrense, ved å redusere det foreslåtte verneområdet i Vålåsjøen. Dette innspelet har ikkje vorte teke til følge. Statsforvaltaren gjev tilbakemelding på at sykling langs Sandåsætervegen er ivareteke gjennom forslag til føresegner §6c og at vernet ikkje vil koma i konflikt med tur- og sykkelvegen over Dovrefjell. Angåande villmink som ynskjer Statsforvaltaren at jakt på denne skal vera søknadspliktig, men at ein etter vurdering kan gje løyve til jakt etter verneforskrifta §7h. Kvalifisert personell vil kunne rekne med å på fleirårig løyve på vilkår, som t.d. tidspunkt og retningsliner for metode/gjennomføring.
Brevet frå Statsforvaltaren i Innlandet til Miljødirektoratet med vedlegg finn du her, saman med kopi av innspel frå Dovre kommune til saken:
01 Fokstumyra NR_brev_Bevaring av verdifull natur - Statsforvalterens tilråding.pdf (PDF, 54 kB)
02 Fokstumyra NR_Bevaring av verdifull natur_Tilråding2024.pdf (PDF, 964 kB)
03 Fokstumyra_utvidelse_Kart_tilråding.pdf (PDF, 2 MB)
04 Høringsinnspill i forbindelse med høring_Utv. Fokstumyra.pdf (PDF, 2 MB)
05 Saksprotokoll Bevaring av verdifull natur - utviding av Foktumyra NR - høyringsuttale (PDF, 157 kB)