Hensikt med endring er å legge til rette for etablering av gang- og sykkelveg over parkeringsarealet i framkant av Dombås kyrkje, der traseen er noko justert i forhold til gjeldande reguleringsplan. Justeringa kjem m.a. etter samtalar med Statens vegvesen og Innlandet fylkeskommune, der ein ser at den justerte traseen vil fungere betre enn regulert trase, kva gjeld trafikksikkerheit, funksjonalitet til gang- og sykkelvegen, samt struktur på parkeringsareal og manøvreringsareal.
Partar i saka, grunneigarar, naboar og aktuelle offentlege instanser, er direkte tilskreve.
Ytterlegare informasjon om høyring av søknaden finn du i høyringsbrev og -dokument her:
Varsel om mindre endring av reguplan.pdf (PDF, 805 kB)
C001_gangveg.pdf (PDF, 374 kB)
Merknader til søknad om endring av reguleringsplan sendast innan 28.02.2026 til:
msb@nordplan.no, med kopi til postmottak@dovre.kommune.no, evt. i brev til Dovre kommune.
google.maps