Pixabay
Dovre kommune skal vedta fleire forskrifter i samband med ny opplæringslov. Her kan du lesa meir om dei ulike utkasta. Har du innspel? Send eventuelle merknader til forskriftene til postmottaket i kommunen: postmottak@dovre.kommune.no
Forskrifter med høyringsfrist 15. september
Permisjon frå grunnskuleopplæring
Dovre kommune har ikkje forskrift om permisjon i dag, men vi har utarbeidd rutinar for dette. Målet med dagens reglar er å redusere skulefråværet, slik at elevane lærer mest mogleg. I ny opplæringslov står det at vi må vedta forskrift om permisjon. Skuleeigar foreslår at dagens rutinar blir vedteke som forskrift. Sjå lenke under.
https://www.dovre.kommune.no/tjenester/skole-og-barnehage/grunnskole/fravar-elevvelferd-og-spesialundervisning/permisjonsreglement/
Forskrift om hovudmål
Dovre kommune har plikt til å vedta forskrift om hovudmål for skulane. Hovudmål er det språket som skal brukast av elevar og tilsette i den skriftlege delen av opplæringa (skriftleg informasjon frå lærer, lærebøker og andre læremidlar, oppgåver osv.) Valet står mellom bokmål og nynorsk. I Dovre kommune er nynorsk hovudmålet i dag, men dette er ikkje forskriftsfesta. Dovre kommune er ein språknøytral kommune.
Skuleeigar foreslår å forskriftfeste at nynorsk skal vera hovudmålet for skulane i Dovre.
Forskrifter med høyringsfrist 1. oktober
Forskrift om SFO
Skuleeigar foreslår å vidareføre dagens SFO-vedtekter i forskrift med heimel i ny opplæringslov. I tillegg forskriftsfestast gjeldande føringar for opphaldstid ved gratis 12-timers plass på 1., 2. og 3. trinn og redusert betaling for SFO. Dette inneber:
- gratis kjernetid for SFO for 1., 2. og 3. klasse: Etter skuletid fram til 16.30 alle dagar.
- dersom ein ynskjer morgon-SFO 2-5 dagar, vil dette fakturerast med halv pris av ordinær plass.
- inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1.–4. trinn. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.
- gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5.–7. trinn.
Sjå dagens SFO-vedtekter her: https://www.dovre.kommune.no/tjenester/skole-og-barnehage/grunnskole/sfo/vedtekter/
Forskrifter med høyringsfrist 15. oktober
Forskrift om skulereglar og skuledemokrati
(forslag til forskrift kjem seinast 15. august)
Dagens ordensreglement: https://www.dovre.kommune.no/tjenester/skole-og-barnehage/grunnskole/planer-og-regelverk/ordensreglement/