Dovre skule

Besøk av kronprinsparet
Denne veka var Dovre skule på Hjerkinn i samband med Kronprinsparets fylkesbesøk i Oppland. Elevane gjekk opp til Snøhetta Viewpoint saman med Kronprinsparet. Medan vi åt nista kom dei bort til oss, og vi fekk både snakka med dei og spandert mykje sjokolade. Dette vart ein dag vi seint vil gløyme. Fleire av elevane våre vart intervjua og svara godt for seg i fleire nyheitskanalar. Intervjuet med Ida Brenden frå 4. klasse har til no nesten 25 000 visningar på Facebook. Dette er flott reklame for den vakre bygda vår. Intervjuet med Ida og dei andre frå skulen kan du sjå, høyre og lese ved å klikke på lenkene under.
 

https://radio.nrk.no/serie/nrk-innlandet/DKHE03001319/18-09-2019#t=2h32m11.88s
https://m.facebook.com/story.php?story_fbid=10157761165312743&id=189488087742
https://www.nrk.no/innlandet/kronprinsparet-i-oppland-1.14706808
https://www.gd.no/vilde-8-spanderte-sjokolade-pa-kronprinsparet/s/5-18-983580
https://www.vigga.no/nyheter/2019/09/17/Vilde-og-Hanne-snakket-med-kronprinsessen-19963588.ece
https://www.buyandread.com/next/pub.htm?pub=opp

 

Ipad til alle elevane ved Dovre skule
Elevane ved Dovre skule har no fått utdelt kvar sin Ipad til bruk i undervisninga. Med dette får vi moglegheiter til å utvikle undervisninga på måter vi ikkje kunne før. Vi får lettare tilgang til korleis eleven tenkjer og elevane får mykje trening i å vise fram sitt læringsarbeid. Ved hjelp av Ipaden kan vi organisere undervisninga slik at vi får enda meir tid saman med kvar enkelt elev. Vi kan gje enda meir tilpassa opplæring som vi veit gjev både mestring og motivasjon. Dette bidreg og til å gjere elevane i stand til å møte framtidas samfunn og arbeidsliv.