Forskrift for SFO

Lokal forskrift om skolefritidsordninga for Dovre barneskole vart vedteke som lokal forskrift av kommunestyret i Dovre 17. februar 2025. 

Heimel

Fastsett av Dovre kommunestyre 17.02.2025 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 4-5 femte ledd.

§ 1    Retningsliner

Skolefritidsordninga blir drive etter retningsliner vedteke av Oppvekst- kultur- og omsorgsstyret (OKO) og krav som gjeld for tildeling av statstilskot. Skolefritidsordninga blir og drive etter ny rammeplan som er gjeldande frå hausten 2021.

§ 2    Definisjon og formål

Skolefritidsordninga er eit omsorgs- og fritidstilbod utanom den obligatoriske skoledagen for barn i 1. – 4. klasse, og for barn med spesielle behov i 5. – 7. klasse. Innhald og verksemd skal pregast av barns behov for leik, kulturaktivitetar og behov for sosial læring.

§ 3    Styring og leiing

OKO er ansvarleg styringsorgan. Rektor har det administrative og pedagogiske ansvar for ordninga ved den enkelte barneskole og kommuneadministrasjonen for det overordna tilsynet. Skolefritidsordninga skal ha eigen dagleg leiar.

§ 4.    Tilsette

Skolefritidsordninga bør ha tilsett ein vaksen pr. 12 barn til stades. For barn med spesielle behov blir det tilsett ekstra hjelp etter behov og sakkunnig vurdering.

§ 5    Inntak av barn

Skolen v/skolefritidsordninga sender brev/søknadsskjema til alle heimar med barn i aktuell alder for skolefritidsordning.


§ 5.1    Inntakskriteriar

Barnet skal i regelen gå i skolefritidsordninga i den skolekrinsen barnet bur.
Øvre grense for barn i Dovre barneskole SFO: 48 barn
Dei yngste elevane har fortrinnsrett.

§ 5.2    Inntaksperiodar

Hovudinntak av barn skjer i vårsemesteret og gjeld for eit skoleår.
Inntak i løpet av skoleåret kan skje, og gjeld ut det skoleåret inntaket har funne stad.
Sluttar barnet, er det 1 månads skriftleg oppseiing.
Dersom oppseiing av plass skjer etter 1. mai, vil foreldrebetalinga måtte halde fram med fast månadleg beløp ut juni.
Auke eller reduksjon av opphaldstid i løpet av skoleåret må avtalast med dagleg leiar.

§ 5.3    Inntaksmyndigheit

Dagleg leiar for skolefritidsordninga og rektor gjer inntaket.  

Statsforvaltaren i Innlandet er endeleg klageinstans. Klagefrist er 3 veker frå det tidspunkt søkjaren mottek vedtaket (Forvaltn.lov  § 29).

§ 6.    Betaling for opphald

I samband med handsaming av årsbudsjettet fastset kommunestyret betalingssatsane.  

§ 6.1    Innbetaling

Dersom det fastsette beløpet for opphald i SFO ikkje blir innbetalt i rett tid, sender kommunekassa purring i slutten av månaden. Ved andregangs purring informerast rektor/SFO-leiar og foreldre blir innkalla til samtale med tilbod om økonomisk veiledning. Fortsatt ubetalt faktura går til inkasso.

§ 6.2    Henting

Ved for sein henting, blir det kravd ekstra betaling. Første gong det skjer, blir det berre gjeve skriftleg varsel. Ved gjentaking er betalinga kr 50,- for kvart 15. minutt over fastsett hentetid slik:

  • 0 – 15 min. over tida:    Kr 50,-
  • 15 – 30 min. over tida:    Kr 100,-  osv.

§ 7.    Måltid

Barnet tek med matpakke frå heime. Drikke får dei i skolefritidsordninga.

§ 8.    Opningstider

Skolefritidsordninga følgjer skoleruta.
Skolefritidsordninga held ope slik:
Frå kl. 07.15 og fram til skolestart kl. 08.50 om morgonen. 
Frå etter skoletid til 16.30 om ettermiddagen.

§ 9.    Budsjett

Rektor i samarbeid med dagleg leiar utarbeider framlegg til budsjett.

§ 10.    Vedtektsendringar

Vedtektene er gyldige inntil rådmannen/OKO ev. gjer endringar.

§ 11. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 17.02.2025. 
Forskrifta erstatter vedtekter for skolefritidsordninga i Dovre kommune gjeldande frå 01.08.2023.

Kontakt

Ingunn Korsen
Oppvekstsjef
Mobil 992 94 019