Permisjon i grunnskulen

Permisjonsregelverket for grunnskulen i Dovre vart vedteke som lokal forskrift av kommunestyret i Dovre 17. februar 2025. 

Lokal forskrift om permisjon frå den pliktige opplæringa i Dovre kommune

Heimel 

Fastsett av kommunestyret i Dovre 17.02.2025 med heimel i lov av 23. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa §2-2.

 

§ 1 Formål og verkeområde

Forskrifta gjeld pliktig grunnskoleopplæring etter opplæringslova §2-2. Formål med forskrifta er å regulere i kva for eit omfang, og i kva for tilfelle, elevar kan søke om permisjon. Forskrifta gjeld ved grunnskolen i Dovre kommune.

 

§2 Forsvarlegheit

Permisjon frå den pliktige opplæringa kan kun gjevast dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg.

 

§3 Omfang av permisjonen

Føresette kan maksimalt søke om permisjon inntil 10 dagar kvart opplæringsår. Skolen kan kreve at nødvendig dokumentasjon blir lagt fram på søknadstidspunktet.

 

§4 Grunnlag for permisjonen

§4.1

  1. Barnets beste skal ligge til grunn for behandlinga av permisjonssøknaden, og eleven sitt synspunkt vil vera eit av momenta i saka. Det å ivareta barnets rett og plikt til opplæring er eit grunnleggjande utgangspunkt for barnets beste etter barnekonvensjonens artikkel 3, dersom det ikkje er andre særleg vektige grunnar.
  2. Individuell vurdering av om det er forsvarleg å innvilge permisjon. Dersom det er aktuelt å innvilge søknaden etter reglane over, må skolen ta stilling til om det er forsvarleg at den aktuelle eleven får permisjon. Det som er forsvarleg for ein elev, kan vera uforsvarleg for ein annan. Relevante moment er:
    • Eleven si faglege utvikling
    • Skolens undervisningsopplegg i permisjonstida 
    • Eleven sitt fråvær

  

§4.2 Tidsrom det ikkje skal innvilgast permisjon

  1. Ein skal ikkje innvilge permisjon i periodar med førebuing til og gjennomføring av: 
    • Statlege kartleggingsprøver 
    • Nasjonale prøver
    • Fagdagar, munnleg og skriftleg
    • Eksamen, munnleg og skriftleg
    • Prøver og vurderingssituasjonar slik det framgår av skolens planer
  2.  Første skoleveke i samband med skolestart. Dette gjeld på alle klassetrinn.
  3. Første halvår i 1. klasse. Det er viktig at 1. klassingar er tilstades med omsyn til tilvenning i skolekvardagen og innarbeiding av gode vaner, samt ei viktig forutsetning for å bli ein del av det faglege og sosiale fellesskapet.
  4. Siste halvår på 10. trinn på grunn av avgjerande vurderingssituasjonar.

  

§ 4.3 Som hovudregel skal det ikkje gjevast permisjon til ferie. Skoleruta ivaretek eleven sin rett til ferie.

§ 4.4 Det kan innvilgast permisjon for

  1. Deltaking i sportslege konkurransar på høgt nivå.
  2. Deltaking i viktige kulturelle arrangement/framføringar.
  3. Deltaking på viktige familiehendingar i nær familie. Viktige familiehendingar er dåp/namnefest, bryllaup, gravferd eller andre viktige hendingar i nær familie.
  4. Deltaking i politisk arbeid/organisasjonsarbeid.

 

§ 4.5 Permisjonar elevar har krav på

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet

 

§5 Foreldreansvar

Eleven har ikkje rett på permisjon. Den som behandlar søknaden bestemmer om det er forsvarleg for eleven å vera borte, ut frå opplæringa eleven totalt sett får. I  forsvarlegvurderinga vil det vere relevant å leggje vekt på om foreldra vil sørgje for at eleven får den opplæringa som må til for å kunne følgje med i undervisninga på skolen etter permisjonen. Dersom skolen kjem til at det ikkje er forsvarleg å innvilge permisjon for den aktuelle eleven, skal søknaden ikkje innvilgast. Eleven har ikkje rett til å få erstatta tapt opplæring.

 

§ 6 Sakshandsaming og klagerett

Føresette plikter å søke permisjon i god tid slik at det er mogleg for kontaktlærar/rektor å behandle søknaden.

Kontaktlærar kan behandle søknadar om permisjon inntil 1 dag 3 gonger pr. skoleår. Søknad om permisjon som overstig dette skal behandlast av rektor. Det må fattast eit enkeltvedtak, og reglar for enkeltvedtak må følgjast. Dersom ein ikkje er einig i vedtaket kan klage sendast til oppvekstsjef i Dovre kommune. Statsforvaltaren i Innlandet er endeleg klageinstans.

 

§7 Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 17.02.2025.

Du finn heile dokumentet som pdf her. (PDF, 183 kB)

Kontakt

Ingunn Korsen
Oppvekstsjef
Mobil 992 94 019