Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036

Korleis er samfunnsplanen bygd opp?

Utlån på biblioteket - Klikk for stort bilde Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde

 

Samfunnsplanen du no les er delt inn i fem satsingsområde. Under kvart satsingsområde er det fleire mål og strategiar for korleis vi skal nå måla.  

Dei fem satsingsområda er:

  1. Trygge og levande lokalsamfunn for alle
  2. Gode tenester – heile livet
  3. Demokrati, styring og aktiv deltaking
  4. Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping
  5. Klima, natur og miljø for framtida

 

Til slutt i samfunnsplanen kjem arealstrategien. Her legg vi rammene for korleis vi skal bruke areala i Dovre.

I det vidare arbeidet med å setja desse måla ut i livet, skal samfunnsplanen legge føringar for politikarane og administrasjonen sitt årlege budsjett- og økonomiplanarbeid. Her skal vi òg vurdere kva for planar vi treng for å følge opp prioriteringane i samfunnsplanen.