Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036

Arealstrategi

I arealstrategien fastset Dovre kommune dei overordna rammene for korleis vi bruke areala i Dovre. Arealstrategien legg føringar for den juridisk bindande arealdelen til kommuneplanen. På denne måten sikrar vi betre politisk styring med arealbruken i kommunen.

Dovre kommune skal:

  • Sørge for heilskapleg utvikling av tettstadene og grendene med gode og varierte bustader og møteplassar som er tilgjengelege for alle. Vi skal prioritere estetikk, arkitektur og funksjon. Vi skal ta vare på dei stadeigne kvalitetane i heile Dovre.
  • Gjera det enklare og tryggare å gå og sykle i heile Dovre – både i sentrumsområda og mellom tettstadene og grendene. Vi skal arbeide for å få til samanhengande gang- og sykkelveg gjennom heile kommunen.
  • Legge til rette for ein velfungerande bustadmarknad i Dovre.
  • Sikre at matjorda primært nyttast til mat- og fôrproduksjon.
  • Fornybar energiproduksjon krev areal. Før vi bygger ned meir natur, skal vi greie ut moglegheitene for å utnytte areal som allereie er tatt i bruk.
  • Unngå utbygging og anna negativ påverknad på areal med store karbonlager, til dømes myr. Vi skal sikre naturmangfald og naturverdiar ved å hindre nedbygging og fragmentering av natur, spesielt i villreinens leveområde for å bevare villreinen sine leve- og trekkområde.
  • Bevare tradisjonelt kulturlandskap ved å legge til rette for fjellandbruk og seterdrift. Vi skal òg ta vare på viktige kulturminne i kommunen.
  • Ta omsyn til Forsvarets arealbehov i samfunns- og arealplanlegginga.
  • Legge til rette for næringsutvikling på eigna areal. Vi skal difor utvikle Høyveg og Jora industriområde med eksisterande og ny verksemd.
  • Som nasjonalparkkommune skal vi jobbe for ei ansvarleg og lokalt forankra forvalting av naturverdiar. Villreinens leveområde skal sikrast gjennom kommunal arealplanlegging.
  • Ha ein sti- og løypeplan som skal danne utgangspunkt for prioritering av ressursar og tiltak på friluftslivområdet.
  • Legge til rette for grøne transportløysingar mellom anna gjennom nødvendig infrastruktur for lading/fylling av små og store køyretøy på eigna areal.
  • Oppdatere, revidere og oppheve eldre planar som ikkje ville vært godkjende med dagens kunnskap om klimaendringar, naturfarar og vassdragsmiljø. Vi skal vidare unngå arealbruk som er i strid med overordna kommunale, regionale og nasjonale planar.
  • Jobbe med løysingar for å unngå at tunge køyretøy blir stilt opp i sentrumsområda våre og på sikt opparbeide ein oppstillingsplass for tunge køyretøy på eigna areal.