Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036

2. Gode tenester - heile livet

Elev som skriv - Klikk for stort bilde Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde

2.1  Vi skal ha trygge og inkluderande skular og barnehagar som fremmar helse, trivsel og læring. Vi skal ha nok kvalifiserte lærarar og tilsette i skular og barnehagar. Vi skal ha gode, universelt utforma fysiske læringsmiljø inne og ute og eit læringstilbod som er tilpassa alle barn og elevar på alle nivå.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Sikre nok pedagogar og andre relevante yrkesgrupper i klasseromma, slik at elevane får den skulegangen dei har rett på.
  2. Sikre gode læringsarenaer som fremmar helse, trivsel og læring i eit langsiktig perspektiv.
  3. Oppgradere uteområda til Dovre barneskole og barnehagen på Dombås og trygge skulevegen.
  4. Sikre at alle barn har lik tilgang til skulefritidsordninga (SFO) på barneskulen. Kommunen skal legge til rette for trygg og påliteleg skyss til og frå SFO for familiar på Dovreskogen, Dovre og Hjerkinn.
  5. Kontinuerleg sikre at vi har den nødvendige kompetansen når det gjeld teknologi, slik at vi kan ta kloke val for elevane. Vi skal ta imot teknologi som rustar elevane for framtida, auke læringsutbytte og inkluderande og tilpassa opplæring.

 

2.2  Kommunen skal legge til rette for at innbyggarar i alle aldrar og livsfasar kan leve aktive og meiningsfylte liv med god livskvalitet.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Fremme folkehelsa gjennom tverrfagleg, tidleg innsats og eit tett samarbeid mellom dei kommunale tenestene, idrettslaga, frivilligheita og næringsaktørar som tilbyr aktivitetar som gjev betre folkehelse.
  2. Støtte opp om Dovre Vekst, Frivilligsentralen og alt det frivillige arbeidet som lag og foreiningar i kommunen bidreg med.
  3. Etablere sentrumsnære bufellesskap og legge til rette for at eldre kan bu trygt heime så lenge som mogleg.
  4. Forebygge einsemd og jobbe for betre psykisk helse for alle innbyggarar heile livet. Vi skal vidareføre arbeidet som demensvennleg kommune og styrke innsatsen for alle innbyggarar med nedsett funksjonsevne.
  5. Arbeide for å auke deltakinga i kulturskule- og fritidstilbodet for barn og unge.
  6. Arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle gode arenaer for fysisk aktivitet i kommunen.
  7. Utvide opningstida til Dovre folkebibliotek og vurdere ordninga med meirope bibliotek og innføring av 
    returkasser på Dovre, Dovreskogen og Hjerkinn.
  8. Bruke kompetansen og kapasiteten til Dombås Fjellskole inn mot grunnskolen i Dovre.
  9. Hjelpe nye innbyggarar som kjem til Dovre som flyktningar å lære seg norsk raskt, slik at dei kan komme ut i arbeid. I lag med heile Dovresamfunnet, skal dei kommunale tenestene legge til rette for at nye innbyggarar kjenner seg velkomne og ønsker å bli værande i kommunen.
  10. Arbeide aktivt for å gjere alle publikumsarenaer universelt utforma.

 

2.3  Innbyggarane skal oppleve å få nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester av kvalifisert helsepersonell når dei treng det.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Sikre nok kvalifisert helsepersonell i alle tenestene, slik at innbyggjarane til ein kvar tid får forsvarlege helsetenester.
  2. Forsterke det tverrfaglege samarbeidet mellom alle kommunale tenester for å effektivisere og forbetre behandling og tiltak til innbyggarar med behov for helsehjelp.
  3. Styrke laget rundt barn og ungdom. Gjennom tidleg innsats, skal vi vidareutvikle samarbeidet på tvers av sektorar for å sikre eit enda betre tenestetilbod til barn og familiar.
  4. Renovere og vidareutvikle Helsehuset på Dombås.