Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036 Innhold og søk Søkeord Søk Vis innholdsfortegnelse Kven vi er og kva vi set pris på Utfordringar Realistisk planlegging og berekraftig samfunnsutvikling Korleis er samfunnsplanen bygd opp? 1. Trygge og levande lokalsamfunn for alle 2. Gode tenester - heile livet 3. Demokrati, styring og aktiv deltaking 4. Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping 5. Klima, natur og miljø for framtida Arealstrategi Til dokumentforside Last ned som PDF Forrige kapittel Neste kapittel 1. Trygge og levande lokalsamfunn for alle 1.1 Det skal vera trygt og godt å bu i Dovre gjennom heile livet. Vi skal vera eit tilgjengeleg og inkluderande lokalsamfunn der det er rom for alle og der alle kan bidra uansett alder og funksjonsnivå.For å nå dette målet vil vi:Legge til rette for møteplassar i heile bygda som er tilgjengelege for alle og skapar lyst til å bu og bli.Utnytte kompetansen til dei eldre som ein viktig ressurs i arbeidet med å utvikle gode nærmiljø og nabolag. Vi vil legge til rette for trygg aldring med meiningsfylt innhald i eit levande lokalsamfunn.Legge til rette for framtidsretta bustader for unge og eldre i tettstadane, både til leie og eieJobbe langsiktig med eit kommunalt fleirbrukshus på Dombås i passeleg format, slik at det kan romme ulike kulturaktivitetar og arrangement.Realisere gang- og sykkelvegen langs E6 gjennom heile kommunen, mellom anna for å sikre og utvikle buområde i heile bygda vår.Styrke arbeidet med utvikling og vedlikehald av kommunale vegar og infrastruktur.Ha oppdaterte område- og reguleringsplanar som gir grunnlag for utvikling.1.2 Unge i Dovre skal ha eit trygt og godt oppvekstmiljø, med positiv fritid og høg trivsel som gjev djupe røter i bygda.For å nå dette målet vil vi:Ta eit krafttak for ungdommen i Dovre. I lag med ungdommen skal vi skape ein ungdomsklubb utforma etter ungdommens ynskjer.Ein kommunalt tilsett ungdomskontakt skal vera eit bindeledd mellom ungdommen, frivilligheita og kommunen og stimulere til meir aktivitet som ungdommen ynskjer.Arbeide aktivt for å forebygge utanforskap og motverke mobbing i alle delar av samfunnet. Vi skal jobbe for å fjerne hinder for at barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar. Sjå på moglegheiter for ei transportløysing som gjer det lettare å komme seg til og frå ulike aktivitetar.1.3 Dovre skal vera ein kommune som spelar på lag med frivilligheita, nærings-livet, kyrkja og alle andre som bidreg til å bygge eit levande lokalsamfunn.For å nå dette målet vil vi:Vera ein støttespelar for lag og foreiningar som skapar eit rikt fritidstilbod og inkluderande møteplassar for innbyggarar i alle aldrar og på tvers av generasjonar og funksjonsnivå. Kommunen skal hjelpe lag og foreiningar med å finne fram til finansieringskjelder for anlegg og aktivitetar.Støtte opp om grendehusa som viktige arenaer for å skape liv, aktivitet og utvikling i heile bygda.Gi tryggheit for årleg finansiering av drifta av ei inkluderande folkekyrkje.Legge til rette for idrettsarrangement, festivalar, konsertar og arrangement som skapar næringsaktivitet, trivsel og bulyst. 1.4 Den sikkerheitspolitiske situasjonen krev meir av oss. Derfor skal vi styrke heile Dovre-samfunnet sitt samhald og motstandskraft i møte med kriser som måtte oppstå.For å nå dette målet vil vi:Ha oppdaterte beredskapsplanar og ein heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse (HROS) som skal ligge til grunn for kommunal planlegging. HROS rullerast kvart fjerde år saman med samfunnsplanen.Vi skal arbeide for å auke innbyggjarane sin eigenberedskap.Utvikle Beredskapssenteret på Dombås til eit regionalt kompetansesenter og sikre at nødetatane har lokal plassering og ikkje sentraliserast eller svekkast.Støtte opp om Luftambulansen sin helikopterbase og Heimevernets skole- og kompetansesenter. Desse gir bidreg til tryggleik i kvardagen for innbyggarane i Dovre. Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde Forrige kapittel Neste kapittel