Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde
Ein plan for framtida i Dovre
Korleis er det å bu i Dovre? Korleis møter vi framtida? Korleis gjer vi bygda vår til ein god stad å bu – heile livet? Korleis sikrar vi at alle dovringar kan vera med å forme utviklinga? Korleis skapar vi arbeidsplassar basert på naturen og kulturen vår?
Dette er nokre av spørsmåla denne planen skal gje svar på. Alle kommunar skal ha ein kommuneplan med ein samfunnsdel og ein arealdel. Dette er samfunnsdelen. Planen skal vise korleis vi vil ha det i Dovre dei neste 10 åra og kva vi må gjera for å få det slik. Derfor kallar vi den samfunnsplanen. Samfunnsplanen er Dovre kommune sitt overordna styringsdokument. Den skal gje retning og hjelpe oss å prioritere. Vi set oss konkrete mål og legg ein plan for korleis vi skal nå dei. Planen legg òg rammer for bruk og vern av areala våre.
Godt samarbeid på tvers av partia
Eg er stolt over at vi har arbeidd fram samfunnsplanen på tvers av dei politiske partia i Dovre. Våren 2024 oppretta kommunestyret ein politisk redaksjonskomité som skulle jobbe med planen. Kvart parti valde éin representant til komiteen i tillegg til ordføraren. Administrasjonen har bidratt med ressurspersonar og stilt med sekretær for skrivearbeidet.
I lag med innbyggarane
Eg er spesielt glad for at samfunnsplanen er blitt til saman med innbyggarane i Dovre. På grendemøta på Dovreskogen, Dovre, Hjerkinn og Dombås kom innbyggarar, frivilligheita og næringsliv saman med politikarar og tilsette i kommunen for å diskutere framtida i Dovre. I møtet med elevrådet ved Dovre ungdomsskule fekk vi høyre kva ungdomane ynskjer seg for at det skal bli enda betre å vekse opp i bygda vår.
Desse innbyggarmøta ga meirsmak. Vi skal gjera meir av dette framover, og det kjem tydeleg fram i fleire av punkta i planen du no les. Eg vil derfor seie at samfunnsplanen er ein plan for betre dialog mellom innbyggarar og politikarar. Saman styrkar vi lokaldemokratiet i Dovre.
Vegen vidare
Framover skal vi setja planen ut i livet. Det gjer vi folkevalde når vi arbeider med neste års budsjett og økonomiplan saman med kommuneadministrasjonen. Her skal samfunnsplanen legge føringane. Slik gjer planen oss folkevalde i stand til å sette strategisk retning og skape konkrete resultat. For innbyggarane i heile Dovre, og for framtida.
Magne Vorkinn,
Ordførar