Tålåst! Bu- og blilyst i Dovre og Lesja
Er du ny i Dovre og Lesja? Eller har du budd her lenge, men ynskjer å treffe nye folk? Lære noko nytt? Har du kome hit nyleg eller for fleire år sidan, og merkar at det framleis er mykje du lurer på?
I det felles bu- og blilystprosjektet Tålåst vil Dovre og Lesja kommune skape nye møteplassar og styrka fellesskap i bygdene våre.
Vi som jobbar med prosjektet er (frå venstre): Sonja Gitte Mathisen, Kari Anette Austvik, Arne Christian Mæhlum, Arne Furumo, Sigurd Alme, Anne Marte Amble. Anne Cathrine Enstad var ikkje til stades da bildet vart teke.Treffe kvarandre
Tanken er enkel: Dovre og Lesja er to tett samanvovne kommunar, der folk kryssar kommunegrensa dagleg for å reise på jobb eller fotballtrening eller besøk.
Med treårig støtte frå Innlandet fylkeskommune skal vi no gjera det enda enklare å få med seg kva som skjer i bygdene våre ved at både Dovre og Lesja tek i bruk aktivitetskalenderen Friskus.
Møteplassar
Vi skal òg skape fleire trivelege møteplassar der både nye og gamle innbyggarar kan treffe kvarandre. Slik vil vi gjera det enklare å finne seg til rette for deg som er ny. Og kanskje blir det enda betre å bu her for deg som har vore her lengre? Med nye venskap og kontaktar bind vi bygdene våre saman.
Følg med framover - vi gler oss.
Oss tålåst!