Valgfag

Om valfag

Alle elevar skal velja eit valfag kvart år på ungdomsskolen. Dersom det er plass kan du ha det same valfaget kvart år, eller velje eit nytt for kvart år. Valfag skal bidra til auka motivasjon og læring. Det er eit av fleire tiltak for å gjera opplæringa på ungdomstrinnet praktisk, variert og relevant. Frist. 3. juni

 

For elevar med same valfag over fleire år, er det standpunktkarakteren på det høgaste årstrinnet som kjem på vitnemålet.  Dersom ein elev har hatt fleire ulike valfag blir det berekna ein gjennomsnittskarakter ved inntak til vidaregåande opplæring. 

 

Dersom det blir få elevar som vel eit fag er det ikkje sikkert faget blir igangsett.

 

Lenke til valskjema finn du her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=MdDfaMkHfkOrApVFQ2QGNBrZKukSUb9Csl4pdPppfvtUNUtJQ1RTQ1hSME5KUkRDUEFJUllLNzJTRC4u

Du kan lese meir om dei ulike valfaga her:

 

Valfag skoleåret 22/23

Innsats for andre
Innsats for andre skal gje elevane moglegheit til å gjera noko for andre og bidra til fellesskapet. Gjennom opplæringa kan elevane bygge nettverk, utvikle ansvarskjensle og få relevant erfaring for eit framtidig arbeidsliv. Elevane skal gjennomføre sosiale tiltak i samarbeid med andre og bidra til inkludering. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/ifa01-02 

 

Praktisk håndverksfag

Faget handlar om å gje elevane praktisk erfaring med eit eller fleire handverk. Elevane skal bruke arbeidsteikningar eller instruksjoner for å lage eit produkt. Dei skal og utforske ulike råmaterialer og bruke verktøy på ein god måte. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/phf01-02

 

Friluftsliv
I valfaget friluftsliv er ein ute det meste av året. Elevane skal få eit nært og godt forhold til naturen, og det å bevege seg utandørs. På turane vil det vera ulike aktivitetar som til dømes tenne bål, hauste mat fra naturen, og lage mat ute.  

Faget handlar og om bli kjent med naturressursane i nærområdet vårt og korleis dei kan nyttast på ein bærekraftig måte. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/nmf01-02

 

Programmering

I valfaget programmering lærer du å lage teknologiske løysingar gjennom praktisk arbeid med å utvikle dataprogram. Du vil lære å lage programkoder og ulike programeringsspråk. I arbeidslivet treng vi mange som har god teknologisk kompetanse og god evne til problemløysing. Faget skal ruste eleven til vidare studier.
Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/prg01-02

Teknologi og design

Teknologi og design handlar om å lage teknologiske produkt. Elevane skal utvikle kreativitet og teknologisk kompetanse gjennom å designe, utvikle og forbetre produkt for nåtida og framtida. Elevane skal og arbeide på ein sikker og berekraftig måte.

 Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/tpr01-02

Fysisk aktivitet og helse

Dette valfaget handlar om at eleven skal bli kjent med ulike fysiske aktivitetar som kan motivere til ein fysisk aktiv livsstil. Eleven skal og bli bevisst at ein helsefremmande livsstil heng saman med både fysisk aktivitet og kosthold. Gjennom praktisk matlaging der du planlegg og lagar enkle og ernæringsmessige gode måltid, lærer du korleis du kan legge opp ditt eget aktivitets- og kostholdsopplegg. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/fah01-02


Design og redesign

Design og redesign handlar om at elevane skal få erfaringer med ulike design- og håndverksteknikker og materialer. Gjennom idéutvikling og praktisk arbeid utvikler eleven skaparglede, utholdenheit, sjølvinnsikt og kritisk tenking. Ved å utforske korleis produkt blir til, vil eleven betre kunne forstå kva for miljøutfordringar verda står ovanfor ved dagens overforbruk. I valfaget design og redesign skal vi jobbe med å designe og redesigne brukte produkter slik at ein ser nytta av gjenbruk. 

Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/dor01-02