Dovre ungdomsskole

Dovre ungdomsskole er sentralskole for elevane på ungdomstrinnet i Dovre kommune.
 
Skolen ligg fritt og fint til, litt opp og vest for Dombås sentrum.
 

På skolen vår føler elevane nærheit til lærarane sine og dei tilsette legg vekt på at alle elevar skal kjenne seg heime og vere trygge.
 
Dovre ungdomsskole har ein visjon som seier at elevane ved skolen skal utvikle dei sterke sidene dei har, nytte evnane sine og jakte på moglegheitene.
 
Dovre ungdomsskole er bygd i 1969, men er bygd på i fleire omgangar.
Bygningsmassen rommer i dag, i tillegg til ungdomsskolen, også Lesja og Dovre Læresenter og Kulturskolen i Lesja og Dovre, samt Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande Skule avdeling Dombås .
 
Dovre svømmehall og Dombås samfunnshus er også bygd i tilknytning til undervisningsbygget.
 
Skolen har eit stort og fint uteområde med ballbinge, skatebane, sykkelcrossbane og musikkbinge. I nærområdet til skolen ligg fotballbane, alpinbakke og skiskyttararena. Skolen har også rike moglegheiter for orientering og turar i skog og mark.
 
Dovre ungdomsskole er ein moderne skole med bibliotek, auditorium og ei flott elevkantine. Skolen har ei sterk satsing på digital kompetanse og nyttar Moodle (LMS) i det daglege læringsarbeidet. Musikk, dans og drama er også viktige aktivitatar for elevane ved Dovre ungdomsskole. Skolens juleball er eit av mange høgdepunkt i skoleåret.
 
Dovre ungdomsskole har sterk fokus på leseopplæring og har utdanna leserettleiar. Matematikksenteret i Trondheim har eit samarbeid med skolen om satsing på rekning og matematikk dei neste 4 åra.
Skolen samarbeider med Dombås Fjellskole, Røde Kors, primærnæringane og ellers andre lag og organisasjonar i kommunen.
 
Dovre ungdomsskole har som mål å gi best mogleg tilpassa opplæring for kvar enkelt elev i fellesskap med andre. Ein vil leggje vekt på fagleg, sosial og personleg utvikling - der alle kan nå sine mål.

Kontakt

Magne Vorkinn
Rektor Dovre ungdomsskole
Mobil 908 38 343

Adresse

Lars Moens veg 5, 2660 Dombås

Telefon: 61 24 22 50

E-post: dovre.ungdomsskole@dovre.kommune.no