Velkommen til Dovre skule

Dovre skule er ein barneskule med elevar frå 1.-7. trinn, med aldersblanding i nokre fag. Skulen har 62 elevar skuleåret 18/19.
Skulen ligg i tettstaden Dovre, på vestsida av E6.

Skulen vart bygd i 1954, og har ein flott fasade med skifer henta frå Jøndalen. Skulen fekk  eit tilbygg i 1994, med to nye klasserom og grupperom. I 2003 vart garderobe ved 1.klasserom/SFO utvida.

Skulen har kroppsøving i Dovre samfunnshus og svømming i svømmehall på Dombås.

Skulen legg stor vekt på trivsel og tryggleik. Med såpass få elevar vert tilhøvet til elevane nært, og vi har eit svært positivt samarbeid med heimane. Vi har ein aktivitetsplan der vi legg vekt på at elevane skal bli kjent med nærmiljøet. Vi satsar ekstra på IKT og matematikk. Det vil seie at vi arbeider for at elevane skal bli digitalt kompetente i tråd med kunnskapsløftet. Vi planlegg og at dei føresette skal ha eit digitalt førstevalg. I matematikk arbeider vi med undersøkjande matematikk og vi planlegg ein matematikkpark som ein del av skulens uteområde.

 
 

Kontakt

Sissel Elvestad Øwre
Rektor Dovre skole
Mobil 61 24 21 82

Adresse

Kongsvegen 6, 2662 Dovre

Postadresse: Postboks 70, 2664 Dovre 

Telefon: 61 24 21 80

E-post: dovre.skole@dovre.kommune.no

Følg gjerne Dovre skule på Facebook