Velkommen til Dombås skole

Dombås skole ligg i tettstaden og trafikknutepunktet Dombås.

Skolen er fulldelt med elevar frå 1.-7.klasse, og har SFO før og etter skoletid. 

Dombås skole har eit kreativt og utviklingsorientert personale som gjennom fleire år har utvikla eit felles tankesett rundt læringsprosessen til elevane.

Vi er så heldige at leiinga i Dovre kommune gjev oss ressursar til dette. Gjennom hjelpemiddel som interaktive tavler, nettbrett og anna IKT-utstyr freistar vi å gjere kvardagen til elevane våre spennande og interessant.

Skolen fokuserer også på lokalhistoriske tema og brukar naturen både i nærområdet og på fjellet i stor grad. Dette er spesielt viktig for dei mange framandspråklege elevane vi har. På den måten lærer dei raskare korleis kulturen er i vårt samfunn.

Kontakt

Arild Killi
Rektor Dombås skole
Mobil 906 55 459

Adresse

Smiuvegen 4, 2660 Dombås

Telefon: 61 24 22 70

E-post: dombas.skole@dovre.kommune.no