Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på ein del spørsmål knytt til den digitale skulekvardagen. Når du trykker på spørsmålet, kjem svaret øvst på sida. 
 
NETTBRETT 

Kvifor leasing av iPad?

Det kan skje at ein knuser skjermen på iPaden. Ynskjer skulen å ordne dette, eller ordnar ein det på eigahand?

Korleis får eleven brukarstøtte?

Kva gjer vi viss barnet har gløymt koda på iPaden? 

Rutiner for distribusjon av apper på skulen?

Korleis blir appene installert på iPaden?

Kan elevane sine apper også lastast ned til familien sin iPad?

Treng eleven Apple-ID?

Korleis vil skulen handtere brudd på køyrereglar for bruk av iPad? 

Har eleven erstatningsansvar dersom iPaden blir øydelagd eller stole?

Gjer skulen noko ekstra for å sikre seg mot tjuveri av iPader?

Korleis skal iPaden oppbevarast på veg til/frå skulen?

Får elevane tastatur til iPaden?

Skal ein merke iPaden med navn?

Må iPaden ladast heime?

Kan vi byte deksel på iPaden? 

Kva gjer vi viss ladar eller ladekabel blir borte?

Får elevane penn til å skrive på iPaden?

Skal iPaden leverast inn i skuleferiar?

Kvifor er de så strenge med passord og kode til iPaden?

Kva med sikkerheitskopiering og iCloud-konto?

Har elevane backup til skytjenestene som blir brukt?

Kva gjer vi viss iPaden har blitt deaktivert?

NETTVERK 

Har skulen eit godt nok nettverk til å handtere så mange iPader?

Kva med stråling frå trådlause nettverk?

Kva viss ein ikkje har trådlaust nettverk heime?

PERSONVERN

Korleis blir personvernet til elevane ivareteke?

Kva gjer skulen for å unngå nettmobbing?

Vil nettbruken på iPaden overvåkast?

Korleis hindre nedlasting av 18-årsfilmar - og spel?

LÆRING

Vil elevane få opplæring i bruk av ulike apper?

Korleis skal deling foregå?

Korleis unngå bruk av sosiale medier, nettsider og liknande i undervisninga?

Kvar og korleis blir elevarbeidet lagra?

Korleis kan føresette få innsyn i dei digitale læremidla til eleven?

Korleis kan føresette følgje opp heimearbeid og skulearbeid?

Vil elevane jobbe meir med video? Kjem lærarane til å undervise meir via video?

HELSE

Korleis unngår vi for mykje skjermtid?

Korleis unngår vi "Nettbrett-nakker"?

Vil den digitale skulekvardagen gå utover elevane sin fysiske aktivitet?

Kvifor leasing av iPad? 

Dovre kommune har valgt å lease nettbretta fordi det i ei totalvurdering er meir lønnsomt. Vi slepp å ha gammalt utstyr liggjande, og elevane får alltid oppdatert digitalt utstyr. 

Dovre kommune har saman med leverandøren etablert ordningar for retur og tilbakelevering, erstatning og reparasjon. Avtalen sikrar også utskifting av nettbrett slik at elevane har gode digitale læringsverktøy over tid. Avtalen inneber også ein ansvarleg og miljømessig forvaltning av returnerte nettbrett.

Det kan skje at ein knuser skjermen på iPaden. Ynskjer skulen å ordne dette, eller ordnar ein det på eigahand? 

Ved knust skjerm, ta kontakt med administrasjonen ved skulen. iPaden må ikkje reparerast på eigahand og/eller leverast til verkstad eller butikkar.

iPaden er kommuna sitt ansvar, og av hensyn til garantiordningar må reparasjonar utførast forskriftsmessig gjennom Dovre kommune sine leverandørar. Eleven kan bli ansvarleg for skade som oppstår på iPaden ifølge Lov om skadeerstatning.

Korleis får eleven brukarstøtte? 

Eleven tek kontakt med skuleleiinga eller kontaktlærar. Brukerstøtte skal alltid gå via skulen.

Kva gjer vi viss barnet har gløymt koda på iPaden? 

Eleven gir beskjed til kontaktlærar. Skulen kan vidare administrere dette, og gje eleven ei ny kode. 

Når eleven går inn på iPaden etter fjerning av koda vil ho/han få beskjed om å opprette ny kode. Eleven sine arbeid forsvinn ikkje sjølv om koda blir sett opp på nytt. 

Rutiner for distribusjon av apper på skulen? 

Apper blir foreslått av lærarane. Foreslått app skal etter dette vurderast, risikovurderast og kontrollerast for krav til databehandleravtale med leverandør. Dette blir gjort av skuleleiinga.  

Etter ny personvernlov som trådte i kraft 20. juli 2018 blir alle risikovurderingar og databehandleravtaler (ROS) oppdatert jamnleg.

Korleis blir appene installert på iPaden? 

Appene blir installert via eit Enterprise Mobile Management program. Dette blir styrt slik at ein app kan gjerast tilgjengeleg for alle, for enkelte skular, og ned til enkelte trinn.

Dette skjer automatisk, og elevane treng ikkje gjere nedlastingar sjølve. Elevar med spesielle behov kan få apper lasta ned direkte på si einheit. 

Kan elevane sine apper også lastast ned til familien sin iPad? 

Nei, skulen betaler for kvart eksemplar av appene gjennom eit lisensieringsprogram, og det er den enkelte elev sin iPad som er registrert i systemet.

Treng eleven Apple-ID? 

Nei. Elevane er knytt opp til skulen sitt system, og treng ikkje Apple-ID. Foreløpig er det ikkje mogleg for elevane å bruke Apple-ID eller App Store på skulen sine iPader. 

Korleis vil skulen handtere brudd på køyrereglar for bruk av iPad? 

Vi viser til avtale sendt ut til heimane i samband med at iPaden vart teke i bruk hausten 2020. Utover dette vil ordensreglementet også gjelde for bruken av iPad. 

Gjer skulen noko ekstra for å sikre seg mot tjuveri av iPader? 

Alle iPadene som blir brukt i skulen er låst til Dovre kommune. Det vil si at dei kun kan konfigurerast og setjast opp og brukast av Dovre kommune. iPadene vil derfor væra verdilause for andre enn elevar og lærarar på Dovre ungdomsskule. 

Korleis skal iPaden oppbevarast på veg til/frå skulen? 

iPaden bør oppbevarast i skulesekken. Pass på at vannflasker ikkje er lekk, eller at iPaden blir liggjande i klem mellom bøker eller anna utstyr. 

Får elevane tastatur til iPaden? 

Alle elevane har tilgang til tastatur ved behov. Tastatura skal ikkje vere med heim, og dei er innlåste i eit skap på skulen. Vi har vald å kjøpe inn tastatur med ledning. Dette fordi at trådlause tastatur med bluetooth ikkje vil fungere når fleire elevar skal nytte det i same rom. 

Skal ein merke iPaden med navn? 

Nei, dette er ikkje nødvendig. Elevane sin iPad er registrert på eleven sitt navn. Navnet på eleven kjem opp når ein trykker på "heim-knappen".

Må iPaden ladast heime? 

Ja, skulen forventar at iPaden har minst 80% batterikapasitet når elevane kjem på skulen om morgonen. Dersom iPaden ikkje er opplada, vil det bli gjeve anmerkning (Jamfør ordensreglementet der det står at utstyret til elevane skal vere i orden). 

​​

Kan vi byte deksel på iPaden? 

Dekselet skal aldri takast av iPaden. Dekselet eleven har fått utdelt er blant det beste og mest støtsikre på marknaden. I tillegg er bruken av dette dekselet ein del av leasingavtala med kommuna sin leverandør. 

Kva gjer vi viss ladar eller ladekabel blir borte? 

Viss eleven mistar laderen/kabelen, må denne erstattast med originale Appleprodukt. Desse er dyre, og føresette må hjelpe elevane med å ta vare på utstyret. Ladaren er frå skulen si side merka med navn. 

Får elevane penn til å skrive på iPaden? 

Nei, vi har vald å ikkje investere i dette. 

Skal iPaden leverast inn i skuleferiar? 

Elevane treng ikkje å levere inn iPaden i dei korte ferieperiodene. Ved skuleslutt om sommaren blir alle iPader samla inn av skulen. 

Kvifor er de så strenge med passord og kode til iPaden? 

iPaden er elevane sitt personlege læremiddel. Den skal ikkje lånast ut til andre, dette gjeld også søsken.

Eitt av elementa i digital danning  er at elevane skal lære seg å verne om eigen identitet. I det ligg også ei bevisstgjering knytt til at kode og passord er personleg. 

Kva med sikkerheitskopiering og iCloud-konto? 

Elevane kan ikkje bruke Apple-ID på iPaden, og har difor ikkje iCloud-konto. Alt av skulearbeid skjer i Microsoft Office 365 (skytjeneste). I Office 365 blir alt lagra på ein trygg og sikker måte. 

Har elevane backup til skytjenestene som blir brukt? 

Nei. Elevane har ikkje backup. Før elevane sluttar ved skulen blir det sett av tid til å lagring av data på eigne einheiter. 

Kva gjer vi viss iPaden har blitt deaktivert? 

Eleven må levere iPaden til kontaktlærar. Skuleleiinga sørger deretter for at iPaden blir sett opp på nytt. 

​​

Har skulen eit godt nok nettverk til å handtere så mange iPader? 

Ja, skulen har fibernett. Det skal ikkje vere noko problem å handtere mange iPader. 

Kva med stråling frå trådlause nettverk? 

Dovre ungdomsskole forheld seg til retningslinjene frå Statens strålevern. 

Kva viss ein ikkje har trådlaust nettverk heime? 

Ta kontakt med skuleleiinga, så vil løysingar bli drøfta. 

​​

Korleis blir personvernet til elevane ivareteke? 

Alle apper som nyttast i skulen leavdelingen. Tiltak blir utarbeida der vi ser ein risiko for at personvernet er utsett, alt i samsvar med personopplysningsloven og retningslinjer gjeve av Datatilsynet. 

Arbeid med risikovurderingar er ein kontinuerleg prosess. Dovre Ungdomsskole har fokus på å vere i tråd med ny personvernlovgiving (GDPR), gjeldande frå 20. juli 2018. 

Kva gjer skulen for å unngå nettmobbing? 

Skulen har bindande pålegg om å arbeide med nettvett slik at det er mulig å forebygge og hjelpe alle elevane til ein trygg og god digital kvardag. I tillegg jobbar vi tett med vår leverandør Enable. Dei bistår oss dersom vi vil endre på funksjonaliteten elevane har i dei digitale programma. Vi har allereie stengt ein del programfunksjonar som kan vere arena for mobbing. 

Vil nettbruken på iPaden overvåkast? 

Nei, vi overvåkar ikkje elevane sine iPader. Ved brudd på straffeloven sine bestemmelser kan politiet få innsyn i logger etter gjeldande regelverk.

Korleis hindre nedlasting av 18-årsfilmar - og spel?

Når eleven er pålogga skulen sitt nettverk, fungerar den vanlege brannmuren og innhaldskontrollen. Brannmurer og filtre på dei forskjellige heimenettverka har skulen ingen kontroll over. Dovre kommune har heller ikkje anledning til å skanne kvar enkelt enhet før/når den er pålogga skulenettverket, og ynskjer det heller ikkje.

Skulen har rett til å slette og reinstallere innhald på enheten. Vi har fokus på å gje elevane digital danning gjennom haldningsskapande arbeid og opplæring i nettvett. 

Vårt filter fjerner det meste av uønska innhald, men filteret må supplerast opp av kontinuerlig arbeid med nettvett og digital danning frå både skule og heim. Filteret vi har lagt inn er låst til kvart enkelt nettbrett. Det er alltid aktivt uansett kvar eleven måtte vere kobla til internett; heime, på skulen eller tilkobla andre nett.

​​

Vil elevane få opplæring i bruk av ulike apper? 

Ja, dette er noko vi arbeider med kontinuerleg. Dei ansatte ved skulen får opplæring i bruken av ulike verktøy/apper, og det er anledning til å dele kunnskap og erfaring i kollegiet. Av og til får elevane instruksjoner om bruk av apper, andre gonger får dei teste ut og lære saman med læraren. Vi prøver oss litt fram, og vegen blir til medan ein går. 

Korleis skal deling foregå? 

Deling vil foregå på ulike måtar. Elevane kan dele med medelevar eller lærarar via Airdrop. Innleveringar og dokument blir ofte delt i Microsoft Teams (Onedrive). 

Korleis unngå bruk av sosiale medier, nettsider og liknande i undervisninga? 

I undervisninga blir det brukt ein applikasjon som heiter "Classroom". Denne er kobla opp mot skulen sitt nettverk, og gjev lærarane anledning til å speile elevskjermane, og konrollere nettbruken. Denne appen kan berre brukast på skulen sitt nettverk, og er ikkje tilgjengeleg utanfor skulebygget. 

Kvar og korleis blir elevarbeidet lagra? 

Elevane skriv som oftast i Microsoft sin skytjeneste Onedrive. Vidare blir mykje elevarbeid skrive i Microsoft Teams. Her brukar elvane både klassenotatblokk og oppgåvefunksjon. 

Korleis kan føresette få innsyn i dei digitale læremidla til eleven? 

Foreløpig må foreldra logge seg inn via eleven. Det blir jobba med ein foreldreportal for dei digitale verktøya vi nyttar. 

Korleis kan føresette følgje opp heimearbeid og skulearbeid? 

Gå inn på Teams og "Innholdsbibliotek". I den andre underkategorien står det "Arbeidsplan". Her finn de både arbeidsplan for skulearbeid og heimearbeid. 

Vil elevane jobbe meir med video? Kjem lærarane til å undervise meir via video? 

iPad og digitale verktøy åpnar opp for nye moglegheiter! Vi er oppttatt av å bevare noko av det tradisjonelle, men samstundes gripe om det nye. 

Nokre lærarar har teke i bruk videolekser via ein portal som heiter Campus. Ellers er det mange faglærarar som nå testar ut både video, lyd og bilete som ein del av undervisninga. 

Korleis unngår vi for mykje skjermtid? 

Skjermtid kan vere så mangt. Elevane vil på skulen jobbe med nettbrettet som aktive produsentar og ikkje konsumentar. 

På skulen vil det som før vere varierte aktivitetar. Elevane vil ikkje bli sittande statisk foran ein skjerm.

På heimebane er det foreldra som bestemmer når og korleis iPaden skal brukast utover leksearbeidet. 

Eksempel på slike reglar kan vere at iPaden ikkje skal vere på rommet etter leggetid, eller kanskje ikkje vere på rommet i det heile tatt. Diskuter gjerne med andre foreldre. 

Korleis unngår vi "Nettbrett-nakker"? 

Dovre ungdomsskule har innleia eit prosjekt saman med kommunefysioterapeut i Dovre kommune. Ho har vore på skulen med informasjon og tips til dei tilsette ved skulen. 

Dette samarbeidet vil halde fram, og vi ser det som mogleg at enkeltelevar etter behov kan få veiledning, råd og øvingsteknikkar frå fysioterapeuten. 

​​

Vil den digitale skulekvardagen gå utover elevane sin fysiske aktivitet? 

Nei, tvert i mot. Den digitale skulekvardagen med iPad gjer elevane meir mobile. Dette gjer at ein kan variere undervisninga, og planlegge meir fysisk aktivitet i timane. 

Kvifor leasing av iPad?

Det kan skje at ein knuser skjermen på iPaden. Ynskjer skulen å ordne dette, eller ordnar ein det på eigahand?

Korleis får eleven brukarstøtte?

Kva gjer vi viss barnet har gløymt koda på iPaden? 

Rutiner for distribusjon av apper på skulen?

Korleis blir appene installert på iPaden?

Kan elevane sine apper også lastast ned til familien sin iPad?

Treng eleven Apple-ID?

Korleis vil skulen handtere brudd på køyrereglar for bruk av iPad? 

Har eleven erstatningsansvar dersom iPaden blir øydelagd eller stole?

Gjer skulen noko ekstra for å sikre seg mot tjuveri av iPader?

Korleis skal iPaden oppbevarast på veg til/frå skulen?

Får elevane tastatur til iPaden?

Skal ein merke iPaden med navn?

Må iPaden ladast heime?

Kan vi byte deksel på iPaden? 

Kva gjer vi viss ladar eller ladekabel blir borte?

Får elevane penn til å skrive på iPaden?

Skal iPaden leverast inn i skuleferiar?

Kvifor er de så strenge med passord og kode til iPaden?

Kva med sikkerheitskopiering og iCloud-konto?

Har elevane backup til skytjenestene som blir brukt?

Kva gjer vi viss iPaden har blitt deaktivert?

Har skulen eit godt nok nettverk til å handtere så mange iPader?

Kva med stråling frå trådlause nettverk?

​​​​​​​Kva viss ein ikkje har trådlaust nettverk heime?

Korleis blir personvernet til elevane ivareteke?

Kva gjer skulen for å unngå nettmobbing?

Vil nettbruken på iPaden overvåkast?

​​​​​​​Korleis hindre nedlasting av 18-årsfilmar - og spel?

Vil elevane få opplæring i bruk av ulike apper?

Korleis skal deling foregå?

Korleis unngå bruk av sosiale medier, nettsider og liknande i undervisninga?

​​​​​​​Kvar og korleis blir elevarbeidet lagra?

​​​​​​​Korleis kan føresette få innsyn i dei digitale læremidla til eleven?

Korleis kan føresette følgje opp heimearbeid og skulearbeid?

Vil elevane jobbe meir med video? Kjem lærarane til å undervise meir via video?

Korleis unngår vi for mykje skjermtid?

​​​​​​​Korleis unngår vi "Nettbrett-nakker"?

Vil den digitale skulekvardagen gå utover elevane sin fysiske aktivitet?​​​​​​​

Kvifor leasing av iPad? 

Dovre kommune har valgt å lease nettbretta fordi det i ei totalvurdering er meir lønnsomt. Vi slepp å ha gammalt utstyr liggjande, og elevane får alltid oppdatert digitalt utstyr. 

Dovre kommune har saman med leverandøren etablert ordningar for retur og tilbakelevering, erstatning og reparasjon. Avtalen sikrar også utskifting av nettbrett slik at elevane har gode digitale læringsverktøy over tid. Avtalen inneber også ein ansvarleg og miljømessig forvaltning av returnerte nettbrett.

Det kan skje at ein knuser skjermen på iPaden. Ynskjer skulen å ordne dette, eller ordnar ein det på eigahand? 

Ved knust skjerm, ta kontakt med administrasjonen ved skulen. iPaden må ikkje reparerast på eigahand og/eller leverast til verkstad eller butikkar.

iPaden er kommuna sitt ansvar, og av hensyn til garantiordningar må reparasjonar utførast forskriftsmessig gjennom Dovre kommune sine leverandørar. Eleven kan bli ansvarleg for skade som oppstår på iPaden ifølge Lov om skadeerstatning.

Korleis får eleven brukarstøtte? 

Eleven tek kontakt med skuleleiinga eller kontaktlærar. Brukerstøtte skal alltid gå via skulen.

Kva gjer vi viss barnet har gløymt koda på iPaden? 

Eleven gir beskjed til kontaktlærar. Skulen kan vidare administrere dette, og gje eleven ei ny kode. 

Når eleven går inn på iPaden etter fjerning av koda vil ho/han få beskjed om å opprette ny kode. Eleven sine arbeid forsvinn ikkje sjølv om koda blir sett opp på nytt. 

Rutiner for distribusjon av apper på skulen? 

Apper blir foreslått av lærarane. Foreslått app skal etter dette vurderast, risikovurderast og kontrollerast for krav til databehandleravtale med leverandør. Dette blir gjort av skuleleiinga. Etter godkjenning sender skuleleiinga bestilling til vår leverandør, som bestiller appen til eleven sin "katalog". 

Etter ny personvernlov som trådte i kraft 20. juli 2018 blir alle risikovurderingar og databehandleravtaler (ROS) oppdatert jamnleg.

Korleis blir appene installert på iPaden? 

Appene blir installert via eit Enterprise Mobil Management program. Dette blir styrt slik at ein app kan gjerast tilgjengeleg for alle, for enkelte skular, og ned til enkelte trinn.

Dette skjer automatisk, og elevane treng ikkje gjere nedlastingar sjølve. Elevar med spesielle behov kan få apper lasta ned direkte på si einheit. 

Kan elevane sine apper også lastast ned til familien sin iPad? 

Nei, skulen betaler for kvart eksemplar av appene gjennom eit lisensieringsprogram, og det er den enkelte elev sin iPad som er registrert i systemet.

Treng eleven Apple-ID? 

Nei. Elevane er knytt opp til skulen sitt system, og treng ikkje Apple-ID. Foreløpig er det ikkje mogleg for elevane å bruke Apple-ID eller App Store på skulen sine iPader. 

Korleis vil skulen handtere brudd på køyrereglar for bruk av iPad? 

Vi viser til avtale sendt ut til heimane i samband med at iPaden vart teke i bruk hausten 2020. Utover dette vil ordensreglementet også gjelde for bruken av iPad. 

Gjer skulen noko ekstra for å sikre seg mot tjuveri av iPader? 

Alle iPadene som blir brukt i skulen er låst til Dovre kommune. Det vil si at dei kun kan konfigurerast og setjast opp og brukast av Dovre kommune. iPadene vil derfor væra verdilause for andre enn elevar og lærarar på Dovre ungdomsskule. 

Korleis skal iPaden oppbevarast på veg til/frå skulen? 

iPaden bør oppbevarast i skulesekken. Pass på at vannflasker ikkje er lekk, eller at iPaden blir liggjande i klem mellom bøker eller anna utstyr. 

Får elevane tastatur til iPaden? 

Alle elevane har tilgang til tastatur ved behov. Tastatura skal ikkje vere med heim, og dei er innlåste i eit skap på skulen. Vi har vald å kjøpe inn tastatur med ledning. Dette fordi at trådlause tastatur med bluetooth ikkje vil fungere når fleire elevar skal nytte det i same rom. 

Skal ein merke iPaden med navn? 

Nei, dette er ikkje nødvendig. Elevane sin iPad er registrert på eleven sitt navn. Navnet på eleven kjem opp når ein trykker på "heim-knappen".

Må iPaden ladast heime? 

Ja, skulen forventar at iPaden har minst 80% batterikapasitet når elevane kjem på skulen om morgonen. Dersom iPaden ikkje er opplada, vil det bli gjeve anmerkning (Jamfør ordensreglementet der det står at utstyret til elevane skal vere i orden). 

​​

Kan vi byte deksel på iPaden? 

Dekselet skal aldri takast av iPaden. Dekselet eleven har fått utdelt er blant det beste og mest støtsikre på marknaden. I tillegg er bruken av dette dekselet ein del av leasingavtala med kommuna sin leverandør. 

Kva gjer vi viss ladar eller ladekabel blir borte? 

Viss eleven mistar laderen/kabelen, må denne erstattast med originale Appleprodukt. Desse er dyre, og føresette må hjelpe elevane med å ta vare på utstyret. Ladaren er frå skulen si side merka med navn. 

Får elevane penn til å skrive på iPaden? 

Nei, vi har vald å ikkje investere i dette. 

Skal iPaden leverast inn i skuleferiar? 

Elevane treng ikkje å levere inn iPaden i dei korte ferieperiodene. Ved skuleslutt om sommaren blir alle iPader samla inn av skulen. 

Kvifor er de så strenge med passord og kode til iPaden? 

iPaden er elevane sitt personlege læremiddel. Den skal ikkje lånast ut til andre, dette gjeld også søsken.

Eitt av elementa i digital danning  er at elevane skal lære seg å verne om eigen identitet. I det ligg også ei bevisstgjering knytt til at kode og passord er personleg. 

Kva med sikkerheitskopiering og iCloud-konto? 

Elevane kan ikkje bruke Apple-ID på iPaden, og har difor ikkje iCloud-konto. Alt av skulearbeid skjer i Microsoft Office 365 (skytjeneste). I Office 365 blir alt lagra på ein trygg og sikker måte. 

Har elevane backup til skytjenestene som blir brukt? 

Nei. Elevane har ikkje backup. Før elevane sluttar ved skulen blir det sett av tid til å lagring av data på eigne einheiter. 

Kva gjer vi viss iPaden har blitt deaktivert? 

Eleven må levere iPaden til kontaktlærar. Skuleleiinga sørger deretter for at iPaden blir sett opp på nytt. 

​​

Har skulen eit godt nok nettverk til å handtere så mange iPader? 

Ja, skulen har fibernett. Det skal ikkje vere noko problem å handtere mange iPader. 

Kva med stråling frå trådlause nettverk? 

Dovre ungdomsskole forheld seg til retningslinjene frå Statens strålevern. 

Kva viss ein ikkje har trådlaust nettverk heime? 

Ta kontakt med skuleleiinga, så vil løysingar bli drøfta. 

​​

Korleis blir personvernet til elevane ivareteke? 

Alle apper som nyttast i skulen leavdelingen. Tiltak blir utarbeida der vi ser ein risiko for at personvernet er utsett, alt i samsvar med personopplysningsloven og retningslinjer gjeve av Datatilsynet. 

Arbeid med risikovurderingar er ein kontinuerleg prosess. Dovre Ungdomsskole har fokus på å vere i tråd med ny personvernlovgiving (GDPR), gjeldande frå 20. juli 2018. 

Kva gjer skulen for å unngå nettmobbing? 

Skulen har bindande pålegg om å arbeide med nettvett slik at det er mulig å forebygge og hjelpe alle elevane til ein trygg og god digital kvardag. I tillegg jobbar vi tett med vår leverandør Enable. Dei bistår oss dersom vi vil endre på funksjonaliteten elevane har i dei digitale programma. Vi har allereie stengt ein del programfunksjonar som kan vere arena for mobbing. 

Vil nettbruken på iPaden overvåkast? 

Nei, vi overvåkar ikkje elevane sine iPader. Ved brudd på straffeloven sine bestemmelser kan politiet få innsyn i logger etter gjeldande regelverk.

Korleis hindre nedlasting av 18-årsfilmar - og spel?

Når eleven er pålogga skulen sitt nettverk, fungerar den vanlege brannmuren og innhaldskontrollen. Brannmurer og filtre på dei forskjellige heimenettverka har skulen ingen kontroll over. Dovre kommune har heller ikkje anledning til å skanne kvar enkelt enhet før/når den er pålogga skulenettverket, og ynskjer det heller ikkje.

Skulen har rett til å slette og reinstallere innhald på enheten. Vi har fokus på å gje elevane digital danning gjennom haldningsskapande arbeid og opplæring i nettvett. 

Vårt filter fjerner det meste av uønska innhald, men filteret må supplerast opp av kontinuerlig arbeid med nettvett og digital danning frå både skule og heim. Filteret vi har lagt inn er låst til kvart enkelt nettbrett. Det er alltid aktivt uansett kvar eleven måtte vere kobla til internett; heime, på skulen eller tilkobla andre nett.

​​

Vil elevane få opplæring i bruk av ulike apper? 

Ja, dette er noko vi arbeider med kontinuerleg. Dei ansatte ved skulen får opplæring i bruken av ulike verktøy/apper, og det er anledning til å dele kunnskap og erfaring i kollegiet. Av og til får elevane instruksjoner om bruk av apper, andre gonger får dei teste ut og lære saman med læraren. Vi prøver oss litt fram, og vegen blir til medan ein går. 

Korleis skal deling foregå? 

Deling vil foregå på ulike måtar. Elevane kan dele med medelevar eller lærarar via Airdrop. Innleveringar og dokument blir ofte delt i Microsoft Teams (Onedrive). 

Korleis unngå bruk av sosiale medier, nettsider og liknande i undervisninga? 

I undervisninga blir det brukt ein applikasjon som heiter "Classroom". Denne er kobla opp mot skulen sitt nettverk, og gjev lærarane anledning til å speile elevskjermane, og konrollere nettbruken. Denne appen kan berre brukast på skulen sitt nettverk, og er ikkje tilgjengeleg utanfor skulebygget. 

Kvar og korleis blir elevarbeidet lagra? 

Elevane skriv som oftast i Microsoft sin skytjeneste Onedrive. Vidare blir mykje elevarbeid skrive i Microsoft Teams. Her brukar elvane både klassenotatblokk og oppgåvefunksjon. 

Korleis kan føresette få innsyn i dei digitale læremidla til eleven? 

Foreløpig må foreldra logge seg inn via eleven. Det blir jobba med ein foreldreportal for dei digitale verktøya vi nyttar. 

Korleis kan føresette følgje opp heimearbeid og skulearbeid? 

Gå inn på Teams og "Innholdsbibliotek". I den andre underkategorien står det "Arbeidsplan". Her finn de både arbeidsplan for skulearbeid og heimearbeid. 

Vil elevane jobbe meir med video? Kjem lærarane til å undervise meir via video? 

iPad og digitale verktøy åpnar opp for nye moglegheiter! Vi er oppttatt av å bevare noko av det tradisjonelle, men samstundes gripe om det nye. 

Nokre lærarar har teke i bruk videolekser via ein portal som heiter Campus. Ellers er det mange faglærarar som nå testar ut både video, lyd og bilete som ein del av undervisninga. 

Korleis unngår vi for mykje skjermtid? 

Skjermtid kan vere så mangt. Elevane vil på skulen jobbe med nettbrettet som aktive produsentar og ikkje konsumentar. 

På skulen vil det som før vere varierte aktivitetar. Elevane vil ikkje bli sittande statisk foran ein skjerm.

På heimebane er det foreldra som bestemmer når og korleis iPaden skal brukast utover leksearbeidet. 

Eksempel på slike reglar kan vere at iPaden ikkje skal vere på rommet etter leggetid, eller kanskje ikkje vere på rommet i det heile tatt. Diskuter gjerne med andre foreldre. 

Korleis unngår vi "Nettbrett-nakker"? 

Dovre ungdomsskule har innleia eit prosjekt saman med fysioterapeut Helene Gjerde i Dovre kommune. Ho har vore på skulen med informasjon og tips til dei tilsette ved skulen. 