Uttak av torv - søknadsfrist 1. mai

På grunn av at det både i Lesja og Dovre er kvoterte areal for årlege uttak av torv vil vi oppmode til å  søke om uttak i 2017 innan 1. mai. Nederst finn du retningslinene for torvuttak i Lesja og Dovre. 

 

Torvuttak på dyrka mark blir rekna som omdisponering i høve til jordlova § 9. Midlertidig omdisponering av dyrka mark til torvuttak krever difor løyve i samsvar med jordlova § 1 og 9. Søkjar skal sende skriftleg søknad om samtykke til omdisponering av jordbruksareal til kommunen.

Søknaden skal innehalde:

  •  Kart som beskriv område for torvuttak.
  •  Ferske jordprøveanalyser frå det aktuelle området tatt av fagleg instans slik somb  til dømes Norsk Landbruksrådgiving. Moldinnhaldet må minimum halde kvalitetenmoldklasse 3/moldrik (4,5-12,5 % mold).
  •  Dokumentasjon på tilstrekkeleg mengde husdyrgjødsel frå eigen produksjon eller skriftleg avtale på kjøp av husdyrgjødsel frå brukar innan rimeleg avstand frå arealet som det skal takast torv frå.

Kontaktperson for ordninga: Harald Aulie, tlf 61 24 41 21, epost harald.aulie@lesja.kommune.no