UKM- Ung kultur møtes 2020 påmeldingsfrist 8. januar!

Klikk for stort bildeUKM norddalen arrangeres i Otta kulturhus fredag 31. januar - Lørdag 1. februar  2020. Alle ungdommar mellom 10 og 20 år kan delta på UKM.

Kva er UKM?

Likar du å danse? Eller kanskje du målar fine bilete? Spelar du eit instrument eller er du glad i å fotografere? Turnar du på fritida eller er du flink til å beatboxe? Teiknar du? Eller driv du med youtube? Eller kanskje du vil prøve deg som scenearbeidar, teknikar eller konferansier? Da er UKM noko for deg.

UKM er eit arrangement der ungdom har moglegheit til å vise fram det dei kan. Det finnes ingen grenser for kva ein kan gjere og det er plass til alle. Du kan melde deg på aleine eller saman med nokon. UKM Nord-Gudbrandsdal gjev alle ungdommar ei moglegheit til å vise det ein kan, på ein arena omringa av profesjonelle.

Klikk for stort bilde 

Vi har juniorforestilling for dei mellom 10 og 12 år og seniorforestilling for dei mellom 13 og 20 år. Både sceneuttrykk og kunst blir vist fram i forestillingane.

Det blir ikkje forestilling utan publikum: Vi ynskjer oss publikum i alle aldrar på dette fantastiske arrangementet!

 

Har du spørsmål? Ta kontakt via sosiale media, eller ved å spørje di kommunekontakt: Anethe Kleven tlf. 910 00 414, anethe.kleven@dovre.kommune.no 

Meld deg på via www.ukm.no  

Påmeldinga stengjer onsdag 8. Januar 2020. Alle som ynskjer å delta kan gjere dette på sitt lokale UKM. Det er gratis å delta. 

For meir info les vår brosjyre her: UKM-brosjyre_2020 (PDF, 826 kB)