Sommarles

Bli med på den kulaste lesekampanja i sommar! Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no.

          Klikk for stort bilde                                                                                                                                                                                                                   

 

Sommarles er ei nettbasert lesekonkurranse. For kvar bok du les og registrerer får du poeng, og går etter kvart opp i level. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller du kan få nokon til å lese høgt for deg. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofè til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket. 

Sommarles.no er laga for å motivere barn til å lese av eigen lyst. Det skal vere gøy å vere med på Sommarles.no. Barn som les jamleg i løpet av sommaren, held ved like leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Sommarles.no er ei ein flott lesekampanje uansett kvar de skal feriere i sommar.