Undervisningstilbud 2018-2019

Velkome til Lesja og Dovre Kulturskule.

Undervisninga i kulturskulen er organisert som individuell undervisning eller gruppeundervisning. Undervisningsformane vil vere varierande. For mange av tilboda vil det vere eit komprimert skuleår, der undervisninga vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

Undervisning i musikkinstrument

Elevar på instrument får arbeide med musikk innan ulike sjangrar. Elevane lærer både notespill, gehørspill og improvisasjon. Undervisninga er organisert som individuell undervisning eller i små grupper.

Undervisning i større grupper

Nokre av våre tilbod organiserast som gruppeundervisning, t.d. visuell karusell og dans. Ved å arbeide med desse kunstforma i gruppe lærer eleven seg å samarbeide med andre i ulike kunstuttrykk, samtidig som ein utviklar seg individuelt. Tilboda som er basert på gruppeundervisning er avhengig av mange søkarar. Mobiliser gjerne andre i ditt nærmiljø¸ eller ved din skule til søke plass hos oss.

PIANO

Individuell undervisning.

GITAR

Gruppe/individuell undervisning. Komprimert semester, undervisingen vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

SLAGVERK

Individuell undervisning. Komprimert semester, undervisingen vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeseminar.

BAND Frå 5.trinn

Eit samspill tilbod, innan instrumenta; gitar, bass, keyboard, trommer og song.

Komprimert semester, undervisingen vil vere ein blanding av vekes undervisning og helgeundervisning.

VISUELL KARUSELL Frå 3.trinn

Eit tilbod som inneheld ulike formingsaktivitetar.

Komprimert semester, undervisinga vil vere helgeseminar.

Undervisningsstad; Dombås

LYDTEKNIKK Frå 5. trinn

Gruppe/individuell undervisning.

Komprimert semester. Innføring i det å jobbe med opptak og redigering av lyd i eit lydstudio. Året avsluttast med å vere med under innspeling av årets kulturskule-CD.

Undervisningsstad: Dombås.

LÅTSKRIVING For vidarekomne. Må kunne spele gitar eller keyboard/piano.

Gruppe/individuell undervisning. Innføring i grunnleggande prinsipp for låt skriving. Målet for året er å jobbe fram ein eigen song og spele den inn i studio. Komprimerte semester, undervisning vil samlast i lengre økter gjennom året.

Undervisningsstad; Dombås.

STUDIOINNSPILLING For vidarekomne, må ha noen lunde ferdig materiale å spille inn.

Gruppe/individuell. Året blir brukt til å jobbe med arrangement og spille inn låtar.

Undervisninga organiseres i komprimerte og lengre økter gjennom året. Undervisningsstad; Dombås

FILM Frå 7. trinn

Gruppe/individuell undervisning. Opplæring i filming og videoredigering.

Komprimert semester. Undervisning vil samlast i lengre økter gjennom året. Undervisningsstad; Dombås.

Folkemusikk, Trekkspill Frå 4. trinn

Individuell/ gruppe undervisning.

Oppstart januar 2019. Søknadsfrist inntak 2, 10. desember 2018.

SØKNADSFRIST 1.mai 2018

PÅMELDING:

Søknad om plass i kulturskolen:

Nytt administrasjonssystem for kulturskolen er snart på plass.

For alle søknader i mellomtiden, ta kontakt med rektor i kulturskolen.

Trenger ein hjelp med søknaden ta kontakt, tlf. 61242250

Brosjyre Lesja og Dovre kulturskole 18-19 (PDF, 4 MB)

Betalingssatser ( pr. 01.01.2018)

Individuell undervisning pr. år: 2710,-

Gruppeundervisning pr. år: 2710,-

Dans pr. år: 1690,-

Leie av instrument pr. år: 300,-