Natt på Museet 2018- Heksekunst og magi.

 Fredag 14. september er det igjen klart for Natt på museet!

No kjem det hekser og trollmenn til bygdatunet. Kjem du deg gjennom vassprøva? Eller er du ei ekte heks eller trollmann? Men før du treng å bekymre deg for det vill det bli mange morosame aktivitetar på tunet.

Arrangementet er gratis, men det kan vere greitt å ta med pengar om du vil handle i kiosken. Alle skuleelevar frå 5. klasse til 10. klasse i Lesja og Dovre kan vera med.

 

Hugs å kle dykk godt!

 

Kvelden byrjar kl. 18.45 og sluttar kl. 00.30.

Dette kan du vere med på:

Få behandling på sjukestova, bli lækt av ei trollkjerring

Filmframsyning

Kiosksal

Spel trommer med åndemanaren

Ulike verkstadar

Klokka 22.00 opnar ei skrekkløype ute i skogen... Vi åtvarar om at den ikkje blir for sarte sjeler!

 

 

Påmeldinga opnar den 27. august kl. 17.00 og stengjer igjen den 3. september kl. 23.00. Innan 10. september vil det koma melding dersom du ikkje har fått plass. Høyrer du ikkje noko, har du fått plass. Det er plass til 130 deltakarar!

Påmelding: lenke finn du på www.lesja.kommune.no

Arr: Lesja ungdomsråd, Oppvekst- og kulturkontoret i Lesja, Lesja og Dovre kulturskule, Gudbrandsdalsmusea.