Vågå brannvesen - beredskap

Vågå brannvesen - mannskapsbilete - Klikk for stort bilde Vågå har døgnkontinuerleg brannvakt, og brannvesenet består av 5 befal og eit mannskap på 11.

Hovudmålet med tenesta er at Vågå kommune har eit brannvesen som er organisert, utrusta og bemanna, slik at oppgåver pålagt i lov og forskrifter blir utført tilfredsstillande, sett i forhold til kartlagt risiko og sårbarheitsanalyse, jf brannloven §§ 9 og 11.

Brannstasjonen har adresse Industrivegen 37.

Er du bekymra for din eller andre sin branntryggleik? Har du sett noko du meiner kan vere potensielt brannfarleg? Meld det inn via branntips.no.

Vågå kommune har ei brannordning som vart revidert og godkjend i kommunestyret 2015. 

Brannvesenet er organisert med ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling, der brannsjef er leiar for førebyggjande avdeling og varabrannsjef er leiar for beredskapsavdeling.

Befalet i brannvesenet har ei femdelt vaktordning som går kontinuerleg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Det er fast vaktordning for nokre brannkonstablar i påska og elles etter behov.

Brannvesenet har bakvakt for alle kommunale bygg/eigedomar, heisalarmar og tekniske alarmar.

 

"Mens du venter på ambulansen"

Vågå brannvesen er med i prosjektet "Mens du venter på ambulansen" i samarbeid med Norsk Luftambulanse. Mannskapet har gjennomført spesialkurs som gjev innføring i førstehjelp ved akutt sjukdom og/eller ulykke. Brannvesenet er utstyrt med ein akuttbag med m.a. oksygen, førstehjelpsutstyr og hjertestartar.

I akutte situasjonar der ambulanse er langt unna, vil mannskap frå brannvesenet rykkje ut og gje pasientbehandling inntil ambulanse kjem fram.

 

Mannskapsliste

Befal

Bjørn Tore Aspen - brannsjef, feiar

Roar Strand - varabrannsjef

Stig Joar Sanden - utrykningsleiar

Martin Sletten - utrykningsleiar

Pål Øygarden - utrykningsleiar

 

Mannskap

Bjørn Henning Kveen - brannkonstabel

Roar Øygarden - brannkonstabel

Tom Jøransen - brannkonstabel

Rolf Grev - brannkonstabel

Ragnar Grøsland - brannkonstabel

Egil Kveen - brannkonstabel

Knut Grev - brannkonstabel

Stian Rugsveen - brannkonstabel

Stein Berg - brannkonstabel

Rune Magne Lien - brannkonstabel

Tor-Even Vågheim - brannkonstabel

 

Kontakt

Bjørn Tore Aspen
Brannsjef og feiar
Telefon 61 29 36 85
Mobil 913 46 044

Adresse

Industrivegen 37

2680 Vågå