Lærervikariat 100% - Dovre barneskole

Ved Dovre barneskole er det ledig 100% vikariat som lærar frå 01.02.25 til 31.07.25.

Dovre barneskole ligg på Dombås og har 151 elevar.

Vår viktigaste satsing er å vera ein skule som utviklar inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle.

Kvalifikasjonar

Den som skal tilsetjast på barnetrinnet må fylle krava for tilsetjing i opplæringsforskrifta:

§ 12-2. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 1. til 4. trinn

§ 12-4. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga for 1. til 7. trinn

§ 12-13 Tidlegare godkjend lærarutdanning og overgangsordningar

Dersom vi ikkje får søkarar som oppfyller krava over, vil lærarar under utdanning bli vurdert etter opplæringslova §17.3 Krav for å bli tilsett i lærarstilling.

 

Fagynskje: Norsk, engelsk, spesialpedagogikk

 Andre ynskje: Erfaring frå arbeid med særskilt språkopplæring.

 Vi søkjer etter lærarar:

- som har tydeleg og trygg klasseleiing.

- som har god evne til å planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeid.

- som har evne til å skape gode relasjonar, og etablere kultur for læring.

- som samarbeider godt med barn og vaksne.

- som er løysingsorienterte,  motiverte og har god arbeidskapasitet.

- som deltek aktivt i skulens satsingsområde.

 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

 Ynskjer du fleire opplysningar, kontakt

rektor Bente Sæther, tlf. 48094913 eller

bente.saether@dovre.kommune.no

 Søknad sendes via elektronisk søknadsskjema:

www.dovre.kommune.no

 Vi tilbyr deg eit spennande, tverrfagleg og utviklande arbeidsområde, lønn etter avtale/tariff, pensjonsordning i SPK. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
  

Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med på eit evt. intervju.

 Vi gjer merksam på at namn på søkar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bede om reservasjon mot det, jf offentleglova §25. Søkaren vil i så fall bli varsla om dette på førehand.

 

Søknadsfrist: 15.12.14

 

 

 Idyllisk plassert, mellom noen av Norges mest spektakulære nasjonalparker, finner du Dovre kommune.

Vi er en fjellbygd med utallige muligheter for friluftslivsinteresserte, og er i umiddelbar nærhet

til eksotiske naturopplevelser få andre bygder kan skilte med.

Dombås er handelssentrum og sentralt knutepunkt.

Fra Dombås togstasjon kan du reise klimavennlig med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes.

Ønsker du et godt liv i disse omgivelsene, vil vi hjelpe deg med å realisere drømmene dine.