Ferievikarer 2020 - Pleie- og omsorgsavdelinga i Dovre kommune

FERIEVIKARAR SOMMAREN 2020

Vi treng ferievikarar hovudsakleg i perioda 22. juni til 9.august til følgande område:

  • Avdelingane på Fredheim omsorgssenter
  • Heimesjukepleia
  • Heimehjelp
  • Kjøkkenpersonel
  • Vaskeri

Personar med fagkompetanse eller erfaring fra fagområda blir prioritert, men vi ønsker også at ungdom over 18 år søker. Skriv gjerne i prioritert rekkefølge kva avdeling du ønsker å arbeide i.

Du blir lønna etter kvalifikasjonar. Opplæring blir gjeve.

Skriv ein enkel søknad til Pleie- og omsorgsavdelinga, Hjerleids vei 18, 2662 Dovre, evt. epost fredheim.omsorgssenter@dovre.kommune.no.

Pleie- og omsorgsavdelinga er samlokalisert på Fredheim omsorgssenter i moderne og velfungerande lokalar.

For alle stillingane blir det forventa ei viss datakompetanse, da både pasientjournal, arbeidsplanar, kvalitetsdokumentasjon, avvikssystem m.m. er elektronisk. Norsk språk må beherskast godt.  

Søkjarar til heimetenestene må ha førerkort.

Ønsker du fleire opplysingar om stillingane kan du kontakte pleie- og omsorgsleiar Reidun Øvre Øygard på telefon 415 01 865 evt. e-post: reidun.ovre.oygard@dovre.kommune.no.

 

Søknadsfrist 01.04.2020.

 

Velkomen til en hyggeleg og lærerik sommar saman med oss i pleie og omsorg i Dovre!