Ferievikarar 2021 - Pleie- og omsorgsavdelinga

FERIEVIKARAR SOMMAREN 2021

Vi treng ferievikarar hovudsakleg i perioden 21. juni til 22.august 2021  til følgande område:

  • Avdelingane på Fredheim omsorgssenter
  • Heimesjukepleia
  • Heimehjelp
  • Kjøkkenpersonell
  • Vaskeri

Personar med fagkompetanse eller erfaring fra fagområda blir prioritert, men vi ønsker også at ungdom over 18 år søker. Vi treng deg!

Du blir lønna etter kvalifikasjonar. Opplæring blir gjeve.

Pleie- og omsorgsavdelingen er samlokalisert på Fredheim omsorgssenter i moderne og velfungerande lokalar.

For alle stillingane blir det forventa ei viss datakompetanse, da både pasientjournal, arbeidsplanar, kvalitetsdokumentasjon, avvikssystem m.m. er elektronisk. Du må også kunne norsk språk.

Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort.

Ønsker du fleire opplysingar om stillingane kan du kontakte pleie- og omsorgsleiar Reidun Øvre Øygard på telefon 415 01 865 evt. e-post: reidun.ovre.oygard@dovre.kommune.no.

For søknad benyttast elektronisk søknadsskjema som du finn på vår heimeside, www.dovre.kommune.no, under ledige stillinger/søknadsskjema

Søknadsfrist 01.03.2020.

 

Velkomen til ein hyggeleg og lærerik sommar saman med oss i pleie og omsorg i Dovre!

                                                                                     

Idyllisk  plassert, mellom noen av Norges mest spektakulære nasjonalparker, finner du Dovre kommune.

Vi er en fjellbygd med utallige muligheter for friluftslivsinteresserte, og er i umiddelbar nærhet

til eksotiske naturopplevelser få andre bygder kan skilte med.

Dombås er handelssentrum og sentralt knutepunkt.

Fra Dombås togstasjon kan du reise klimavennlig med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes.

Ønsker du et godt liv i disse omgivelsene, vil vi hjelpe deg med å realisere drømmene dine.