Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

1 januar 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Regionale tilskot til arrangement og aktivitetar. Søknadsfrist 1. februar!

Har du ein idé til eit arrangement eller ein aktivitet i 2025 som byggjer på Norddalen sin natur- og kulturrikdom? Søk på Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal (IPR) si tilskotsordning for kultur- og naturbasert næringsutvikling 2025! Søknadsfrist 1. februar.

Det er viktig at næringsliv og lag og foreiningar i Dovre dreg nytte av tilskotsmidlar som finst utanfor kommunegrensene. Her er denne regionale ordninga frå IPR eit godt eksempel! 

Les utlysinga her. 

Viss du oppfyller kriteria ber vi om at du søkjer på denne utlysinga før du ev. søkjer tilskot frå Dovre kommune som blir lyste ut i tida framover. Ta kontakt med Arne Christian Mæhlum, næringsrådgjevar i Dovre kommune, på arne.mahlum@dovre.kommune.no om du vil veta meir og diskutere ein idé. 

IPR prioriterer arrangement og aktivitetar som skapar utvikling og modernisering av opplevingsnæringar i regionen, og som gjev økonomiske ringverknader i form av t.d. overnatting, servering, transport, varehandel, honorar til frivillig sektor m.m.

Send søknaden med budsjett og finansieringsplan til: 

e-post@regionkontoret.no innan 1. februar. 

Kontakt

Arne Christian Mæhlum
Næringsrådgiver
Telefon 61 24 21 00
Mobil 908 42 065
Anne Marte Amble
Rådgjevar kommunikasjon, kultur og idrett
Telefon 475 15 829
Mobil 475 15 829