Kulturminneplan for Dovrefjell på offentlig ettersyn

Klikk for stort bildeFangstgrop i det store fangstanlegget for villrein over Dovrefjell. Fangstgropa på bildet er ei av dei ti gropene i natur- og kultturstien som er opparbeidd ved Nasjonalparkvegen/den nye tur- og sykkelvegen sør for Furuhaugli. Berit Fiksdahl Planen er sendt ut til både grunneigarar og turistbedrifter på Dovrefjell, ulike forvaltningsorgan, historielag m.fl.  Frist for merknader er 1. nov. 2019. Merknader sendast Dovre kommune, postmottak@dovre.kommune.no   eller til Kongsvegen 4, 2662 Dovre

Få område har større tettheit av kulturminne enn Dovrefjell. Mange av kulturminna og kulturmiljøa har stor kvalitet og verdi. Dette gjeld ikkje minst automatisk freda kulturminne der det store fangstanlegget for villrein utgjer ein stor del av dei registrerte objekta. Svært mange samfunnstema er representerte i kulturminna på Dovrefjell: m.a. landbruk med sætrer og kulturlandskap, gammal ferdsel/samferdsel med vegar og jernbane, freda og verneverdige bygningar, krigsminne og reiseliv med fjellstuer. Ein ser at det er stor tidsbreidde i kulturminna, frå dei automatisk freda kulturminna med busettingsspor frå steinalderen til bunkersar og vaktpost på Smørbollen frå 2. verdskrigen. Nokre kulturminnetema har eit langt tidsspenn slik som minne frå ferdsel og jakt med eit tidsspenn på meir enn 1000 år, kanskje meir enn 2000 år? Over mange år har det skjedd ei utvikling på Dovrefjell med tilrettelegging for oppleving og reiseliv knytt til kulturminne, natur og friluftsliv.

 

Formålet med kulturminneplanen er å setje fokus på kulturminna på Dovrefjell både for at dei ikkje skal bli øydelagde og for at det kan bli sett fokus på denne ressursen i samband med utvikling av opplevingar på Dovrefjell. Stikkordet her er BRUK OG VERN.

 

I kulturminneplanen er det samla mange opplysningar om kulturminna på Dovrefjell. Opplysningane kan kanskje vere interessante også for «vanlege» folk som vil vite litt meir om Dovrefjell?

Les Kulturminneplan for Dovrefjell.

 

Klikk for stort bildeFokstuguområdet er eit viktig kulturmiljø på Dovefjell med mange kulturminne frå ulike tider. Berit Fiksdahl På bildet ser ein den freda veggarasjen foran og den verneverdig bygningsmassen på Fokstugu gard med rike fjellstue-, reiselivs- og landbrukstradisjonar midt i bildet. I området er fangstminne og mange generasjonar med gamle ferdselsvegar, m.a. Den gamle kongevegen. Ein ser jernbana og Fokstua stasjon med freda stasjonsbygningar og –område. I bakgrunnen ligg seterstulen Gardsenden med låge seterbygningar i eit trelaust område som skil seg godt ut i terrenget. Bak fotografen er Smørbollen med godt synlege minne etter 2. verdskrigen.