Innkjøpskonsulent for Felles innkjøpskontor for Nord-Gudbrandsdalen

Ved det nyetablerte innkjøpskontoret i Nord-Gudbrandsdalen er det ledig 100 % fast stilling som innkjøpskonsulent.  Innkjøpsfunksjonen er eit samarbeid mellom kommunane Vågå, Lom, Skjåk, Sel, Dovre og Lesja, og er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid. Tenestestad vil for tida være underlagt Vågå kommune som vertskommune.

Stillinga som innkjøpskonsulent vil gi utfordrande oppgåver innafor eit kontor og fag i utvikling. Vi søkjer difor ein person som kan bidra til å utvikle innkjøpskontoret og regionens e-handelsløysing vidare.
 
Arbeidsoppgåver vil bl.a. bestå av:
•    Være ein sentral og tydelig person som bidrar til at kommunane i regionen gjer gode innkjøp.
•    Ansvarleg for regionens e-handelsløysing, og drive systematisk kompetanseheving av brukarar
•    Implementering og kontraktsoppfølging av rameavtaler.
•    Identifisere behov for nye rameavtaler og utvikling av sortiment
•    Ved behov, bistå kommunane i andre oppdrag  herunder eksempelvis gjennomføring av mindre anskaffingar,  delta i større i anskaffingar eller prosjekt.
 I utviklinga av innkjøpskontoret og rollen som innkjøpskonsulent, kan arbeidsoppgåver endre seg.
 
Vi søkjer etter person med:
•    Relevant utdanning på høgskulenivå – god kunnskap om lov om offentleg anskaffing og anna relevant lov- og avtaleverk. Søkjar med anna utdanning eller relevant praksis vil også bli vurdert.
•    Digital kompetanse og relevant erfaring med bruk av e-handel
•    God formidlingsevne, samarbeidsevne og evne til å inkludera andre i prosessar
•    Evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og effektivt
•    Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
 
Vi tilbyr:
•    Godt arbeidsmiljø med tidsmessig utstyr
•    Utfordrande arbeidsoppgåver
•    Løn og stillingsplassering etter ansvar og kvalifikasjonar
 
 
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover reglement og tariffavtaler. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Pål Inge Sanden - tlf.: 61 29 36 63 mobil: 41 47 40 46.
 
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
 
Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som ordinær post til Vågå kommune. Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå - innan 3. mai 2018.
 
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
 
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.