Med medhald i plan- og bygningslova §12-10, har PNU-utvalet i Dovre kommune lagt forslag til detaljreguleringsplan for NH2 (hydrogenstasjon) på Dombås, ut på høyring og offentleg ettersyn, med opprinneleg frist til å kome med uttale sett til den 16.august 2024. Fordi det etter høyringsfrist manglar innspel frå sentrale partar i saken, og det har kome merknad frå eigarar av bustader langs Bondegardsvegen om at dei ikkje har vorte varsla direkte om høyringsperioda, vel administrasjonen i kommunen å utvide høyringsperioda.
Ny utvida frist for å kome med uttale til planforslaget er innan 18. september 2024.
Eventuelle merknader til planforslaget blir sendt til postmottaket i kommunen: postmottak@dovre.kommune.no.
Vedlagt er komplett planforslag, saman med vedtaket i PNU utvalet den 04.06.2024:
Plankart_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 209 kB)
Bestemmelser_ Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 132 kB)
Planbeskrivelse_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 4 MB)
ROS-analyse_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 947 kB)
Konsekvensutredning_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 774 kB)
OVA notat_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 2 MB)
Notat forurenset grunn_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 2 MB)
Rapport geoteknikk_Detaljregulerign NH2 Dombås (PDF, 2 MB)
Trafikkanalyse_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 2 MB)
Støy_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 8 MB)
Merknadsskjema_Detaljregulering NH2 Dombås (PDF, 264 kB)
Saksprotokoll Gnrbnr 853 - Detaljregulering for Norwegian Hydrogen NH2 - Dombås - 1.gangsbehandling - (PDF, 2 MB)