Forbod mot gjødselspreiing!

Lesja kommune minner om at det ikkje er tillate å spreie husdyrgjødsel på snødekt mark! Dei siste dagane har forvalting- og utviklingsavdelinga kome over fleire alvorlege tilfelle av ulovleg spreiing av husdyrgjødsel. I enkelttilfelle har gjødselspreiinga ført til avrenning til vassdrag, noko som gjev grunnlag for streng reaksjon. Alvorlege brot blir behandla etter forureiningslova. Det er "eigaren" av husdyrgjødsla som har ansvar for å syte for at riktig mengde gjødsel blir spreidd på godkjent spreieareal, i samsvar med gjødslingsplan og gjødselvareforskrift.   Det er også å forvente at profesjonelle aktørar (entreprenørar) som spreier møkk har sett seg inn i gjeldande regelverk. 

Kontakt

Mats Heidsve
Landbruksrådgjevar
Telefon 61 24 41 11
Mobil 917 33 693
Rigmor Bøe
Forvaltning- og utviklingssjef
Telefon 61 24 41 23
Mobil 904 03 758