Bibmåndag - "Mor visste ingenting"

Anita Killi og Anne Marie Aa kjem til Dovre bibliotek for å vise og fortelje korleis dei jobba med Killi´s siste animasjonsfilm "Mor visste ingenting». Filmen er ca 12 minutt og tok om lag 2 år å lage.

Trollfilm er eit lite, men stort filmstudio midt i Dovre, som helst jobbar med filmar med vanskeleg tematikk. Denne gongen om depresjon blant unge.

Dei har óg med ei lita mini-utstilling med bl.a. ørsmå rekvisittar som dei laga til filmen; håndlaga modellar i papir og naturmateriale.

16. november kl. 19.

Klikk for stort bilde