Kampen om Dovrefjell
mandag 30. januar 2023, 19.00 - 20.00
Dovrefjell er ei skattkiste. Her finst Europas siste opprinnelege villrein og spor etter dei første menneska i Noreg. I boka «Kampen om Dovrefjell» skildrar Svein og Yngvild Sæter, far og dotter, unike naturverdiar, og kva som truar desse verdiane.
Boka er svært aktuell: Det lyser raudt for snøhettareinen, klimaet er i endring og ferdsel i fjellet under aukande debatt.
Svein tek oss med på ei engasjerande vandring gjennom tid og rom i denne store fjellheimen. Boka har fått svært gode kritikkar. Det blir sal av bøker før og etter kåseriet.
Kontakt
Dovre folkebibliotek
Sentralplassen 3C,
2660 Dombås
Tlf.: 61242690
(post): folkebiblioteket@dovre.kommune.no
URL: https://www.facebook.com/dovre.folkebibliotek
Signe Thoresen Rolstad
Legg til hendelsen i din kalender