Bibmåndag - Open lesesirkel

mandag 1. mars 2021, 19.00 - 20.30

Informasjon

I den opne lesesirkelen les vi ei ny novelle og eit nytt dikt kvar gong. Du behøver ikkje ha lese noko på førehand eller førebudd deg på andre måtar, det er nemleg alltid ei overrasking kva tekstar som blir lese. Vi samlar oss om ei tekst, les den sakte og stoppar for samtale undervegs. Alle tankar og reaksjonar på teksta er velkomne. Vi driv på ca. 1 ½ time, og det blir servert kaffe. Lesesirkelen er ope for alle, men det er berre plass til 10 kvar gong. Meld deg på til folkebiblioteket@dovre.kommune.no eller ring 61 24 26 90.

Høgtlesing gjev ro. Litterært språk set i sving andre delar av hjernen enn vi vanlegvis bruker. Når vi høyrer på og følger med på ei tekst som blir lese høgt, blir tempoet senka og vi fordjupar oss meir i teksta og blir meir merksame på formuleringar og nyansar. Vi forsvinn inn i teksta på ein annan måte enn når vi les den for oss sjølv. Vi tek pausar undervegs, og da snakkar vi om det vi har lese så langt. Det blir ei ekstrem nærlesing av teksta.

Vekslinga mellom høgtlesing og samtale gjev rom for personleg innleving og refleksjon. Litteraturopplevinga skjer i fellesskap, men alle møter teksta med sine tankar og erfaringar. På Open lesesirkel treng du ikkje kunne noko om litteratur frå før. Her er det ikkje analyse som står i sentrum, men teksta og korleis ein oppfattar den. Målet er ikkje å tolke teksta for å finne riktige svar. Alle er velkomne til å vere med å snakke om - og utforske - teksta i gruppa, eller velje berre å lytte. Denne måten å dele lesing på kallast shared reading, og har sitt utspring frå Liverpool.

Spa for hjernen!

Vi satsar på å ha ei rekkje med Open lesesirkel utover våren, da med ny påmelding kvar gong.

Sted

Dovre folkebibliotek
Sentralplassen 3C,  2660 Dombås

URL: https://www.facebook.com/dovre.folkebibliotek

Kontakt

Dovre folkebibliotek
Sentralplassen 3C,  2660 Dombås

Tlf.: 61242690

(post): folkebiblioteket@dovre.kommune.no

URL: https://www.facebook.com/dovre.folkebibliotek

Signe Thoresen Rolstad
Legg til hendelsen i din kalender

Filter

Søk