Høyring – utbygging av høghastigheit breiband i Nord-Gudbrandsdalen

Fiber - Klikk for stort bilde Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har lyst ut nye midlar til utbyggingsprosjekt for høghastigheit breiband i Norge. Dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen går i år igjen saman om ein felles søknad om midlar.

Regionen vår har mange område der det grunnleggjande tilbodet av breiband framleis er svært dårleg. Vi har eit stort utbyggingsbehov for å kunne sikre at innbyggjarar og næringsliv i regionen får eit tilbod som møter dagens krav til kommunikasjon og tenesteyting.

 

Sjølv om behovet er stort og det er mange område som skulle vore dekt, er det vanskeleg å få dekt alt gjennom ei søknadsrunde. Det er difor lagt til grunn ei kommunal prioritering der eitt utbyggingsområde i kvar kommune er tatt med i denne søknadsrunda. Ut frå søknadskriteria til NKOM blir område med flest husstandar som får tilbod om nytt eller forbetra breibandstilbod vekta høgst.

 

Dei aktuelle områda i denne søknadsrunda er difor foreslått slik:

 

Lesja: Strekningen Lesjaskog – Lejsaverk (301 husstandar)

Dovre: Strekning mellom Dovre og Dombås (243 husstandar)

Sel: Ottadalen, vest for Dahlemoen til Vågå grense

Skjåk: Austre del av kommunen, bygda aust for Aura/Vigstad til Lom grense (221 husstandar)

Lom: Lia, Øvergrenda og delar av Vårdalen (295 husstandar)

Vågå: Aksen Sveaholen – Skjellum – Skogbygda/Skårvangen (397 husstandar)

 

Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@dovre.kommune.no

 

Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål.

 

Høyringsfristen er 26. april 2017.

 

Publisert av Inge Morten Angård. Sist endret 24.03.2017
Publisert 17.03.2017

Med hjemmel i plan- og bygningslovens §64c, legges med dette forslag om endringer i prinsippvedtak for utbyggingsavtaler i Dovre kommune ut til offentlig ettersyn. 

Publisert 27.02.2017
Grøndalen.jpg

Fylkesmannen fikk i oppdrag fra Miljøverndepartementet å sette igang verneplanarbeid for Hjerkinn skytefelt i 2013. På siden www.fylkesmannen.no/hjerkinn/ finner du informasjon om verneplanprosessen og bakgrunnen for den. 

Høringsdokumentene ligger som vedlegg. 

 

Publisert 14.09.2016
Idrettsanlegg.png

Søknadsfrist til kommunen er 15. oktober. Dette gjelder for nye og fornyede søknader. 

Publisert 20.07.2015
Næringseiendom på Dombås

Foto: Anders Olsen

 

Eiendommen ligger i tilknytning til Jora Næringsområde, ca. 800 m fra Dombås sentrum, helt inntil E-136 mot Lesja/Åndalsnes/Ålesund. Se prospekt på høyre side og annonse på Finn.no

Tjeneste (1)
 
  • TelefonBilde 61 24 21 00
  • FaksBilde 61 24 21 01
  • PostboksBildeKongsvegen 4
  • PostboksBilde Båtsto, 2662 Dovre
  • Org.nr: 939 849 831
  • Åpningstid: 08:00-15:45 (15.15)
Login for redigering
Login for redigering