Søknadsfrist for ordningane SMIL og tilskott til drenering

1.juni er frist for å søke om tilskot gjennom SMIL-ordninga (Spesielle miljøtiltak i jordbruket). SMIL- midlar kan gå til rydding av gamal beitemark, restaurering av gamle hus, tiltak som reduserar erosjon og tap av næringsstoffar og andre tiltak som det knyter seg ein miljøgevinst til.

Informasjon om SMIL-ordninga, søknadsskjema m.m. finn du via denne lenka

Søknadsfristen for tilskot til drenering er 1. juni. Etter fristens utløp blir søknadar behandla fortløpande så lenge det er ledige midlar. Alle som eig eller leiger jord på ein landbrukseigedom kan søkje om tilskot til å drenere jordbruksjord. Det blir gjeve tilskot både til graving av enkeltgrøftar og til systematisk grøfting. Det blir også gjeve tilskot til profilering og omgraving av jordbruksjord. Drenering er viktig for å få auka avlingar og mindre kjøreskadar.

Informasjon om dreneringstilskottet finn du via denne lenka

Søknaden sender du til Lesja kommune, Postboks 53, 2665 Lesja, til postmottak@lesja.kommune.no eller leverast på kommunehuset.

Kontaktperson for ordningane er Harald Aulie, tlf 61 24 41 21, epost harald.aulie@lesja.kommune.no

 

Publisert av Martin Vorkinn. Sist endret 11.04.2017
 
  • TelefonBilde 61 24 21 00
  • FaksBilde 61 24 21 01
  • PostboksBildeKongsvegen 4
  • PostboksBilde Båtsto, 2662 Dovre
  • Org.nr: 939 849 831
  • Åpningstid: 08:00-15:45 (15.15)
Login for redigering
Login for redigering