Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Endre størrelsen på teksten 
Mindre tekststørrelseStørre tekststørrelse

Untitled [2] 

Caching av siden 
Forsiden > Skip Navigation LinksAktuelt Gå til hovedinnhold
View Part 

I fotspora til Heilag Olav - Ny pilegrimslei frå Valldal over Lesja til Dovrefjell

Tur- og sykkelveg over Dovrefjell I eit aktivt samarbeid mellom kommunane Norddal, Rauma, Lesja og Dovre blir det nå planlagt å tilrettelegje ei pilegrimslei frå Valldal i Møre og Romsdal til pilegrimsleia mellom Oslo og Nidaros.
Berit Fiksdahl: Dei to leiene vil kome saman på Fokstugu. Leia vil følgje den ruta som Heilag Olav og mennene hans følgde austover frå Valldal, slik Snorre skildrar det.

Visjonen for arbeidet er at Pilegrimsleia Valldal – Nidaros skal bli den pilegrimsleia i Europa med mest spektakulære og varierte naturopplevingar knytt til Heilag-Olav sine fotefar frå ”fjord til fjell”. I følgje Snorre gjekk Olav over fjellet frå Valldalen fram til Einbu i Lesja. Ruta slik den er planlagt, vil følgje DNT-merka rute frå Grønningseter i Valldalen via turistforeningshyttene Fonnebu og Vakkerstølen til Brøste og derfrå til Bjorli og Einbu. I Valldal har dei lang tradisjon på Olsok-feiring og mange dokumenterte spor etter Heilag-Olav. Gjennom Lesja veit ein ikkje kor Heilag-Olav gjekk, men kommunen ønskjer å nytte gamle vegfar, stigar og råk der det er mogleg. Delar av leia gjennom Lesja vil følgje sykkelvegen på baksida av Lesjaskogsvatnet, men kommunen ønskjer at deler av leia skal gå gjennom kulturlandskapet på gang- og sykkelvegen fram til Dombås sentrum og derfrå gamle fjellveg og den nye tur- og sykkelvegen til Fokstugu. På Fokstugu kjem dei to leiene saman og følgjer pilegrimsleia vidare til Nidaros.

Det er stor merksemd knytt til pilegrimsvandringar og pilegrimsleier om dagen. Det blir rapportert om stor auke i bruken av pilegrimsleia mellom Oslo og Nidaros, ikkje minst med utanlandske vandrarar. Ein ser for seg å arrangere ei fellesvandring langs leia mellom Valldal og Nidaros allereie neste sommar og håpar at mest mogleg av merking og naudsynt tilrettelegging kan bli ferdig til da. Gjennom Dovre vil arbeidet avgrense seg til merking av leia langs eksisterande vegar og vil ikkje kreve mykje arbeid. Ein merka pilegrimsveg gjennom Dombås mot pilegrimsleia Oslo-Nidaros vil også gjere det lettare for pilegrimar som reiser til og frå Dombås med tog.

Til høgre for teksten kan du lese om både historia, tenkt trasé for den nye leia og detaljar rundt prosjektet.
Info 
Inge Angård 30.04.2012 Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut
 
Rediger 
Knapp for Dovre fjellstyre Knapp for DovreDUS Knapp for tema Opptur i Dovre Knapp for regional utvikling Knapp for reise- og næringsliv