DOVRE MUSIKKBINGE opna!

"I Dovregubbens Hall" av Edvard Grieg og "Apache" av The Shadows var dei første tonane som fylte den Dovre musikkbinge på Dombås etter opninga. For musikken sto Karl Adams Kvam, Fredrik Lusæter Berg, Kristin Drogen og Ådne Evjen.
Litt etter klokka 19.00 torsdag 18. februar 2010, klipte ordførar Bengt Fasteraune snora. Den var strekt mellom Eline Johnsgård Drogen, kanskje komande brukar frå Dovre og stolt kulturskolerektor Inger Synnøve Killi.
Bingen, som publikum fekk tilgang til for første gong, viste seg å vera romslegare enn ein kanskje skulle tru. Og akustikken var god. Fast inventar er
forsterkarutstyr, sanganlegg og slagverk. Keyboard kjem, kunne kulturskolerektoren opplyse. Anna utstyr må dei som vil bruke bingen ha med sjølve.
Dei fire som spelte vil øve der fast. Elles er bingen open for alle som ynskjer å bruke den til musikkøving, anten det er enkeltpersonar eller grupper. Håpet er at den skal bli flittig brukt og at den vil bety ein vitamininnsprøytning for musikkmiljøet i området. Det var nok også håpet til innbyggjaren som spelte ideen om musikkbinge inn til kommuneadministrasjon og politikarar som på si side sørga for å sette ideen ut i livet. Opptur!
Kulturskolen, ungdomsforum og ungdomsskolen står i fellesskap bak bruksreglane for bingen. Den eller dei som vil bruke den, tek kontakt med ungdomsskolen.