Temaelement
FAG OG TIMEFORDELING
Med Kunnskapsløftet frå 2006 kom nye fag inn i ungdomsskolen. Utdanningsval er eit nytt fag der elevane skal finne ut litt om eigne interesser og lage seg ein karriereperm. Sikrare val mot vidaregåande skole er eit mål med faget.
Andre framandspråk (tilvalsfag) er også eit nytt fag i ungdomsskolen. Dovre ungdomsskole kan i tillegg til tysk og språkleg fordjuping, også gi undervisning i spansk
Mat og helse (tidlegare heimkunnskap) og musikk er avsluttande fag på 9. trinnet. Standpunktkarakteren i desse faga blir ført på vitnemålet når dei er ferdige med grunnskolen.
Kristendoms- og religionsfaget har fått eit anna innhald. Det heiter nå Religion, livssyn og etikk (RLE)
Du finn meir om fordeling av faga i dokumentet til høgre.
|
|
|
|