Temaelement
PLAN FOR MIDTTIMEORDNINGA
Midttimeordninga er ei "gamal" ordning for organisering av langfriminutta ved Dovre ungdomsskole. Den vart behandla i Dovre skolestyre alt i 26.06.91.
Midtimeordninga går ut på at langfriminuttet blir utvida frå 30 til 60 minutt. Utvidinga skjer ved at resten av friminutta vert avkorta til 5 min. I det utvida friminuttet som vert kalla midttime, skal skolen gje tilbod om fritidsaktivitetar. Dei elevane som ikkje ynskjer å ta del i desse disponerer denne tida fritt og kan om dei vil, forlate skoleområdet og opphalde seg i Dombås sentrum tysdag og torsdag.
Elevrådet har fått ei sentral rolle i denne verksemda og opplegg og gjennomføring blir sikra løpande vurdering. Tilbodet om midttime blir tatt opp kvar haust i elevrådet og kviler på det berande prinsipp om fridom under ansvar. Ordninga har fått sin plass i skolens regelverk, noko som betyr sanksjonar mot ordninga dersom føresetnadene blir brotne. I fyrste rekke vil det her vere aktuelt med kollektivnekting av løyve til å "gå på byen" dersom ordninga ikkje fungerer etter intensjonane.
 Bilde: "Bytur"
|
|
|
|