NYE VALFAG I UNGDOMSSKOLEN FRÅ HAUSTEN 2012
Manglande motivasjon for skolearbeid på ungdomtrinnet og stort fråfall frå vidaregåande opplæring har ført til ei ny melding om ungdomstrinnet.
Stortingsmelding 22 (2010-2011) om Motivasjon - Mestring - Muligheter legg opp til at det skal innførast nye valfag på ungdomstrinnet.
Innføringa skal gå over 3 år og startar med 8. trinnet hausten 2012.
Det er så langt utarbeidd 8 nasjonale læreplanar i valfag. Alle skal ha ei praktisk tilnærming og skolen skal gi tilbod om minimum 2 - 3 fag som elevane kan velje. Det skal vere 2 timar til valfag kvar veke og elevar frå fleire trinn kan ha same valfag (aldersblanda grupper).
Dovre ungdomskole vil frå huasten 2012 tilby desse valfaga:
1. Sal og scene:
Audiovisuelle og sceniske produksjonar som omfattar musikk, dans, drama og bilete som bærande element. Lyd, ljos, regi, koreografi, kostymer og redigering er viktige delar av faget.
2. Produksjon av informasjon:
Bruk av digitale verkty og media til kommunikasjon og utveksling av informasjon. Produksjon av nettbasert skoleavis, heimesider og blogg, etikk og lovverk er viktige delar av faget.
3. Fysisk aktivitet og helse:
Fysisk aktivitet, kosthald og helse er viktige delar og faget og elevane skal reflektere over folkehelse og førebyggjing av sjukdommar. Trening, riktig kosthald, meistring, og lagsamarbeid er viktige delar av faget.
4. Teknologi i praksis:
Planleggje, konstruere og framstille gjenstandar av forskjellige materiale og ulike tekonlogiske løysingar. Designprosessen frå ide til ferdig produkt skal bidra til skaparglede og oppleving av meistring.