VELKOMMEN TIL DOVRE UNGDOMSSKOLE SI HEIMESIDE
Dovre ungdomsskole ligg litt opp og vest for Dombås sentrum. Skolen er sentralskole for elevar på ungdomstrinnet i Dovre kommune.
Skoleåret 2010/2011 er det 101 elevar og 30 tilsette ved skolen.
Dovre ungdomsskole er bygd i fleire omgangar og vart opna 20. september 1969. Dombås Samfunnshus (1968) og Dovre Svømmehall (1978) er bygd i tilknytning til undervisningsbygget. Skolen rommer også Vaksenopplæringa og Kulturskolen i Lesja og Dovre. Frå 2008 har skolen også hatt ansvar for norskopplæring av barn og vaksne frå Dovre asylmottak på Dombås. Hjerleid vidaregåande skole hadde klasser i allmennfag ved skolen fram til dei flytta til Dovre i 2000.
Skolen, samfunnshuset og svømmehallen er mykje brukt på kveldstid til ulike kulturarrangement for innbyggjarane i Dovre.
Skolen rommer mange spesialrom som elevkantine, skolekjøkken, auditorium, sløydsal, handverksavdeling, keramikkverkstad, datarom, matematikkverkstad, språklab, bibliotek, gymsal og rockeverkstad.
Fysak og frukt og grønt i skolen er viktige trivselsfaktorar ved skolen. Kantina er organisert som elevbedrift. Skolen har eit stort og fint uteområde med ballbinge, håndballbane, skatebane og sykkelcross bane. Større idrettsplass, alpinanlegg og volleyballhall ligg i nærmiljøet. Skolen har også eit tilbod om leksehjelp/studietid i skoletida, og vil også gi eit tilbod om ”open skole” med ulike aktivitetar etter skoletid. Skolen har utarbeidd handlingsplan mot mobbing og antisosial adferd.
Skolen har sterk satsing på digital kompetanse med LMS (Moodle) og medium klientar til alle elevane på 10. trinnet. Frå hausten 2009 brukar skolen Visma Unique Skole som skoleadministrasjonssystem.